Faktaboks

Arne Falk
Fødd
15. september 1886, Herøy, Nordland
Død
11. november 1973, Oslo

Arne Falk var ein norsk journalist og redaktør. Han arbeidde i pressa i 60 år, det meste av tida i nynorske aviser og blad.

Bakgrunn

Arne Falk var fødd i Herøy i Nordland og døydde i Oslo. Han gjekk amtsskulen for Helgeland i 1901–1902 og hadde ymse arbeid før han i 1912 vart kontorsjef i Den 17de Mai.

Journalistikken

Frå 1918 var han journalist i Den 17de Mai, og i 1927–1935 var han redaksjonssekretær. I tillegg var han redaktør for Norsk Barneblad i 1916–1918, og i 1921–1932 som redaktør i det nynorske familiebladet For Bygd og By. Frå 1935 var Falk redaksjonssekretær i Norsk Tidend, i 1937–1946 som redaktør. Etter andre verdskrigen, frå 1946 til 1962, redigerte han fagbladet Journalisten. Og frå 1964 hadde han si eiga spalte i Dag og Tid, «Frifant-epistlar».

Han hadde ei rad tillitsverv i presseorganisasjonar. Alt i 1919 vart han styremedlem i Oslo Journalistklubb, der han var sekretær i 1933–1958. Han var medlem av hovudstyret i Norsk Presseforbund i 1939–1941, varamedlem i ni år og i 1945–1947 medlem av det faglege utvalet.

Under andre verdskrigen var Falk aktiv i det illegale arbeidet og var mellom anna kontaktpunkt mellom presseorganisasjonane og regjeringa. Han var sekretær i gruppa som før frigjeringa førebudde overgangen til ei fri presse.

Utmerkingar

I 1945 vart han tildelt Norsk Presseforbunds heidersteikn og i 1958 vald til æresmedlem. Han vart slått til riddar av Oslo Journalistklubbs orden Blækspruten i 1946 og fekk i 1965 prisen frå Riksfondet for nynorsk presse for godt journalistisk arbeid. I 1970 fekk han Melsomprisen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Rolv Werner Erichsen: For ytringsfrihet under ansvar. Norsk Presseforbund 1910–1935–1960. Bergen 1960
  • Arne Falk: Frifant-epistlar. Oslo 1969
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Guri Hjeltnes: Avisoppgjøret etter 1945. Oslo 1990
  • Aage Møst (red.): Oslo Journalistklubb 100 år. 1894–1994. Oslo 1994
  • Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
  • Rune Ottosen: Fra fjærpenn til Internett. Oslo 1996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg