Annfrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Arn-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘vakker’ I enkelte tilfelle kan Annfrid vere ei samanskriving av dobbeltnamnet Ann Frid.

Namnet har fleire variantar: Anfrid, Annfrid, Arnfrid.

Namnedag er 6. mars. Andor har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 220 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Annfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg