Faktaboks

Anna Gavalda
Fødd
9. desember 1970, Boulogne-Billancourt, Frankrike
Anna Gavalda.
Av /Samlaget.

Anna Gavalda er ein fransk forfattar som skriv romanar og noveller som blir karakteriserte som feelgood-bestseljarar med høg litterær kvalitet. Ho tek for seg venskap og familieforhold i våre dagars Frankrike.

Bakgrunn

Anna Gavalda er fødd i forstaden Melun søraust for Paris i Frankrike. Ho er utdanna fransklærar, har arbeidd som lærar på collège Nazareth á Voisenon og som journalist. Ho har òg vore fast spaltist i Elle.

Forfattarskapen

Gavalda er svært oppteken av kommunikasjon mellom menneske, og emna hennar taler til mange. Hovudpersonane kjempar ofte med å finne meining i tilværet, men Gavalda finn ein balanse mellom optimisme og melankoli.

Gavalda er humoristisk, frekk og kvikk i observasjonane og karakteristikken av overklassen i Paris og den franske landsbygda. Dialogane og det munnlege er alltid noko som kjenneteiknar skrivinga hennar.

Noveller

Ho debuterte i 1999 med novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg (originaltittel: Je voudrais que quelqu'un m'attende quelque part) og vart gitt ut på norsk i 2001 (omsett av Ragnar Hovland). Språket til Gavalda er fargerikt, og bøkene har humor og medkjensle og balanserer mellom glede og sorg. Ho har sans for dialogar, mennesketypar og situasjonar.

Novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg inneheld 12 storbyhistorier frå Paris og gir eit tidsbilete av den urbane verda. Språket er direkte, spontant og frimodig, og personskildringane er originale. Synsvinkelen skiftar stadig, og historiene er humoristiske, men handlar samtidig om tap og sorg, med ein sår undertone. Novellene handlar om valdtekt, abort, fyll og mellommenneskelege relasjonar. Boka fekk den franske bokhandlarprisen då ho kom ut i 1999, og ho er seld i meir enn 200 000 eksemplar berre i Frankrike, og dessutan omsett til 25 språk.

Romanar

Eg elska ho (2002) (originaltittel: Je l'aimais, 2002) var Gavalda sin første roman. Den friske og direkte romanen handlar om kjærleik, einsemd, lukke og ulukke og er blitt karakterisert som «Ibsen i romanform». Tobarnsmora Chloé blir forlaten av ektemannen, som har funne ei ny kvinne. Chloé blir framstilt som offeret, og han som skurken. Svigerfaren tek parti for sonen, og det gjer Chloé rasande. Men svigerfaren har ein løyndom, han elska ei kvinne han ikkje kunne få fordi han valde å bli hos familien. Handlinga er framstilt nesten berre gjennom dialog, samtalar mellom Chloé og svigerfaren. Romanen er lettlesen, men temaet er komplekst. Ein kjem tett inn på personane, og spørsmåla om kvifor liva våre blir som dei blir, og kva som styrer dei vala vi gjer, er eit sentralt tema. Eg elska ho blei filmatisert i 2009.

Saman er vi mindre aleine (2005) (originaltittel: Ensemble, c'est tout, 2004) er ei forteljing om lagnaden til fire svært ulike menneske. Camille, Philibert, Frank og Paulette endar opp med å bu saman og ta vare på kvarandre i eit kollektiv i husværet til Philibert i Paris. Kollektivet er fullt av kreativitet, overskot, varme og hjarterom, og historia er ein kjærleiksroman der det er plass til fleire enn to. Gavalda skriv i eit munnleg, lett og leikande språk, prega av humor, råskap, varme og omtanke. Ho varierer mellom scener, dialog, observasjon og refleksjon. Denne romanen blei filmatisert i 2007 med Audrey Tautou i ei av hovudrollene. Boka er omsett til 36 språk.

I Lykka er ein sjeldan fugl (2009) (originaltittel: La Consolante, 2008) står hovudpersonen Charles Balanda ved eit vegskilje i livet. Ekteskapet skrantar, og han leitar seg tilbake mot hendingar og personar frå ungdomstida. Romanen handlar om vanskelege familieforhold, sjølvransaking og kjærleik. Stilen er freidig og overraskande, med tydelege karakterar, og forteljarrøysta er allvitande, men med mange dialogar. Gavalda har treffande formuleringar, er uføreseieleg og humoristisk.

I den vesle romanen Ein vakker dag (2010) (originaltittel: L'échappée belle, 2009) drøymer syskena Simon, Garance, Lola og Vincent om barndomen og slit med å finne sin eigen veg i livet. Dei skal i eit bryllaup, men dei stikk av frå heile bryllaupet. Redninga og løysinga på problema deira er venskapen og syskenkjærleiken.

Gavalda har òg gitt ut ungdomsboka 35 kilo med håp (originaltittel: 35 kilos d'espoir, 2002).

Bøkene til Gavlada er selde i meir enn 10 millionar eksemplar på verdsbasis og er omsette til 38 språk. Ein vakker dag er seld i meir enn 500 000 eksemplar i Frankrike. Tove Bakke har sett romanane hennar om til norsk.

Utgjevingar i norsk omsetjing

  • Je voudrais que quelqu'un m'attende quelque part (1999). Norsk omsetjing: Eg vil at nokon skal vente på meg (2001)
  • Je l'aimais (2002). Norsk omsetjing: Eg elska ho (2002)
  • 35 kilos d'espoir (2002). Norsk omsetjing: 35 kilo med håp (2008)
  • Ensemble, c'est tout (2004). Norsk omsetjing: Saman er ein mindre aleine (2005)
  • La Consolante (2008). Norsk omsetjing: Lykka er ein sjeldan fugl (2009)
  • L'échappée belle (2009). Norsk omsetjing: Ein vakker dag (2010)
  • Billie (2013). Norsk omsetjing: Billie (2014)
  • La vie en mieux (2015) Norsk omsetjing: Livet, til det betre: Mathilde, Yann, Billie: tre portrett
  • Fendre l'armure (2019). Norsk omsetjing: For ope hjarte

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg