Anette er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Annette som er fransk diminutiv («vesleform») av Anne.

Det franske Annette er laga til Anne (av Anna), og derfor er stavemåten Annette språkhistorisk meir korrekt enn Anette.

Namnet har fleire variantar: Aneth, Anethe, Anett, Anette, Anneth, Annethe, Annett, Annette.

Kjende personar med namnet Anette

Eit utval personar med namnet Anette, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 455 kvinner i Noreg som hadde Anette som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Anette var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Annette og Anette slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009, til dømes Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate og Madeleine. Annette skil seg frå dette mønsteret ved at dette namnet var mest brukt på 1800-talet, med ein topp i 1860-åra. Varianten Anette var mest vanleg 1980–1984, og denne varianten ligg dermed innanfor topp-perioden for dei franske namna.

Utvikling i bruk av namnet Anette frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Anette frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg