Faktaboks

Anders Lysgaard
Fødd
1756, Jevne, Øyer
Død
24. mai 1827, Svennes, Biri
Verke
Eidsvollsmann, bonde og lensmann
Familie

Foreldre: Lensmann Erik Johannesson Jevne (1704–72) og Ingeborg Iversdotter Bøe (1705–1800).

Gift 2.11.1786 med Ingeborg Larsdotter Svennes (26.12.1771–4.3.1858), dotter til bonde Lars Christopherson Svennes (1739–87) og Lisbeth Børresdotter Onset (1746–1827).

Anders Lysgaard var ein norsk gardbrukar og lensmann. Han møtte på Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 for Christians Amt og høyrde til Selvstendighetspartiet. Med seg til Eidsvoll hadde Lysgaard eit politisk program som var radikalt i sosiale og økonomiske spørsmål.

Bakgrunn

Han var fødd på lensmannsgarden Jevne i Øyer, men fekk namnet sitt frå garden Lysgård i Fåberg, som faren kjøpte. Han vart gift med gardjenta på den største garden i Biri, Svennes, og vart ein av dei rikaste bøndene på Opplanda og ein høvding i bygda. Han var ein flink gardbrukar, dreiv stort med tømmerhandel og vart oppkjøpar og disponent for Anker-familien. Han arbeidde for å etablere fastskole i Biri og gjorde ein stor innsats for betre vegar. For dette fekk han eit sølvkrus frå kongen som løn, og han var ein sjølvsagd vert for prins Christian Frederik da han vinteren 1814 reiste gjennom Biri.

Riksforsamlinga

Det var også mest sjølvsagt at Lysgaard skulle bli vald til bonderepresentant til Riksforsamlinga 1814 frå Christians amt. Her møtte han som den einaste av bøndene som hadde med seg eit politisk program, forma under sterk påverknad av eit grunnlovsutkast av amtmann Weidemann på Toten. Men Lysgaard var ikkje spesielt radikal i til dømes forfatningsspørsmål. Han ville berre ha ei rådgjevande forsamling, ikkje ei nasjonalforsamling, ved sida av kongen. Han var ikkje for allmenn verneplikt, men ville at sivile og geistlege embetsmenn og akademiske borgarar skulle vere fritekne, og gardbrukarar skulle ha lov til å leige folk i staden for seg. I sosiale og økonomiske spørsmål var han meir radikal og hadde eit heilt bondeprogram. Han ville ha innskrenking i embetsverket og fast løn for prestane. Han ville ha sagbruks- og brennevinsfridom, avgrensing av skattane for gardbrukarane, forbod mot å eige fleire gardar enn ein kunne drive med hjelp av tenarar og husmenn, og betre skolar for barna til bøndene. Han forsvara odelsretten, og han ville at føderådsfolk skulle ha røysterett. Lokalt kravde han ein eigen kjøpstad på Opplanda og ein kanal frå Mjøsa til havet.

Av bøndene i Riksforsamlinga var Lysgaard ein av dei mest uredde og aktive, om ikkje av dei mest frilynde og romslege. Han høyrde fullt og heilt til sjølvstendepartiet og var på vakt mot at byane skulle få for stor makt. Han støtta sterkt den såkalla «bondeparagrafen» i grunnlova, som sa at talet på land- og by-tingmenn skulle høve til kvarandre som 2 til 1.

Lysgaard stod på høgd med mang ein embetsmann på Eidsvoll, men han var for stiv og stolt til å kunne bli nokon retteleg bondeførar. Nicolai Wergeland karakteriserte Lysgaard slik: «En ægte Kakse og Bondemagnat». Og Jacob Aall hadde ikkje stor sympati for han: «Jeg kand ikke nægte at jeg vilde anse Riksdagen lidet tjent med at Bondestanden blev representeret av deslige Bønder. Heller en reen Bonde, Naturens ukultiverede Børn end disse Pseudo-bønder som have gjort sig bekjendt med den Form i hvilke Fornuftens Produkter indklædes, uden at være berigede med Sagkundskab.»

Lysgaard vart vald inn på det ekstraordinære Stortinget hausten 1814 og vart også vald til representant på Stortinget 1815–16, men melde sjukdomsforfall. Til Stortinget 1818 var han 1. varamann.

Anders Lysgaard fekk reist sitt eige gravkapell på Svennes, der han og kona vart gravlagde. Men 1894 vart dei flytta til kyrkjegarden i Biri.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eidsvoll 1814, 1914
  • H. Koht: biografi i Norsk Biografisk Leksikon, bind. 8, 1938
  • M. Høgåsen: «Eidsvollsmennene frå Gudbrandsdalen 1814. Anders Lysgård frå Øyer», i Årbok for Gudbrandsdalen 1964, s. 9–12
  • B. Herberg: «Anders Lysgaard», i Birid-Blad nr. 14, 1995 (utg. av Biri historielag)

Portretter m.m.

Kunstnarlege portrett

  • Silhuett av ukjend kunstnar, u.å.; Eidsvollsbygningen; trykt i Eidsvoll 1814, 1914, s. 356
  • Portrett (etter måleri på Svennes?) i Årbok for Gudbrandsdalen 1964

Faktaboks

Anders Lysgaard
Historisk befolkingsregister-ID
pf01058258000187

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg