Amund Sigurdsson (Bolt) var ein norsk riddar, adelsmann og opprørsleiar. Han var sysselmann i Borgarsysla då han leidde eit opprør mot danskekongen.
Amund Sigurdsson (Bolt)
Faktaboks
- Fødd
- 1400
- Død
- 1450
- Levetidskommentar
- fødsels- og dødsår er omtrentlege; fødd før 1412, død før 1463, sist nemnd 1450
- Verke
- Opprørsleder
- Familie
-
Foreldre: Faren var Sigurd Berdorsson Bolt (død 1411–12), moren ukjent.
Gift med Eline Eriksdatter (nevnt 1447).
Brorsønn av Agmund Berdorsson Bolt (ca. 1345–ca. 1419).
Slekt
Amund Sigurdsson (Bolt) var son av riddar Sigurd Berdorsson og nevø av riksråd og høvedsmann på Akershus, Ogmund Berdorsson Bolt. Såleis var han del av adelsslekta Bolt frå Borgarsyssel i Østfold. Han var gift med Eline Eriksdotter.
Amund, som aldri kalla seg eller vart kalla «Bolt» i noko kjend kjelde, forsvinn frå kjeldene etter opprøret. Inga etterslekt er kjende etter han. Den Amund Bolt som opptrer i kjeldene i 1447 og 1450, er truleg ein annan enn opprørsleiaren. Denne seinare Amund Bolt var imidlertid truleg i slekt med opprørsleiaren Amund Sigurdsson, då denne Amund Bolt var soneson til den same Ogmund Berdorsson Bolt som var onkel til Amund Sigurdsson.
Opprørsleiar
Amund var sysselmann for Borgarsyssel, og herifrå leidde han eit austnorsk opprør mot unionskongen Erik av Pommern i 1436/1437. Bak opprøra låg det ei sterk misnøye hos bøndene mot skattar, som vart drivne inn med hard hand av utanlandske futar. Det vart hevda at dei braut med ei samfunnsordning som gjekk tilbake til Olav den heilage, og ei rekkje storbønder stilte seg bak opprøret.
Høgare adel, som Amund Sigurdsson var, støtta samtidig kraftig opp om opprøret. Desse adelsmennene var særleg misnøgde med at stadig fleire len og embetsstillingar vart gitt til tyskarar og danskar. Norske medlemmer av riksrådet var òg velvillige til fleire av krava, som samstundes styrkte deira stillingar.
Dette opprøret stod i samband med den samtidige svenske reisninga under Engelbrekt Engelbrektsson og andre opprør i Noreg. Det norske mishaget hadde vore løyst med ein avtale der riksrådet skulle handsame klagane, med det vart nytt opprør då dette møtet ikkje vart noko av. Som sysselmann hadde Amund gode samordnande evner, og han skal ha oppglødd mange til motstand. Amund tok med seg ein hær av lågadelmenn og bønder frå Romerike, Borgarsysla og nordlege Båhuslen, inn i Oslo og tok bispegarden. Han måtte snart gi opp bispegarden igjen, men opprøret heldt fram.
Som førar for opprørshæren inngjekk Amund forbund med opprørspartiet i Sverige på Noregs rike sine vegner, som det heitte. Han kravde no at Noreg skulle få si eiga regjering og styrast av innanlandske menn, innanfor Kalmarunionen. Dei framande embetsmennene skulle jagast ut av landet.
Fredsavtale
Eit nytt forliksmøte kom i stand i februar 1437. Amund inngjekk då, saman med representantar for allmugen i heile Oslo bispedømme, ein endeleg fredsavtale med riksrådet i Oslo. Ein del av avtalen var at Amund Sigurdsson skulle gå fri, og at Amund og resten av opprørarane lova å vere lojale overfor kong Erik. Til gjengjeld lova riksrådet å fremje kravet frå opprørarane og å tale deira sak for kongen.
Riksrådet skulle heller ikkje meir setje inn utlendingar til embetsmenn i Noreg, verken geistlege eller verdslege. Inngifta utlendingar skulle få bli i Noreg, men ikkje ha nokon politisk-administrativ makt eller posisjonar. Kongen skulle innsetje ein norsk drottsete og bringe riksseglet tilbake til Noreg, som i sum ville bety å gjenreise ei norsk sentralregjering. Krava frå høgadelen og dei norske riksrådsmedlemmane om at len og leiande statsstillingar skulle bli gitt til norske adelsmenn, vann på den måten greitt fram. Dette førte det norske riksrådet inn på ei meir sjølvstendig linje, liknande det svenske og danske.
Trass i fredavtalen gjorde bøndene i Telemark opprør på ny allereie året etter. Fleire av deltakarane her hadde òg delteke i opprøret som Bolt leidde året før, mellom andre leiaren Hallvard Gråtopp, og dei vart straffa særleg hardt for det.
Liv etter opprøret
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Magne Njåstad: Norvegr, bd. 2: 1400‒1840. Oslo 2011
Kommentarar (2)
skreiv Geirr I. Leistad
skreiv Erik Opsahl
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.