Faktaboks

Administrasjonssenter
Knarvik
Fylke
Vestland
Innbyggjartal
29 593 (2022)
Landareal
651 km²
Høgaste fjell
Sørdalsnuten (957 moh.)
Målform
nynorsk
Alvers kommunevåpen: Båt og bru
Kart: Alver kommune i Vestland
Alver kommune i Vestland fylke.
Kart: Alver kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Lindås

Seim ved Seimsfjorden. Ein av kongsgardane til Harald Hårfagre låg her. På garden Seim ligg ifølgje tradisjonen gravhaugen til Håkon den gode.

Av /KF-arkiv ※.
Meland

Det karakteristiske kulturlandskapet på Holsnøya har fleire spor etter tidleg busetjing, mellom anna restar av steinhus, terrassemurar og setegardar. Biletet er frå Espetveit.

Av /NTB Scanpix ※.
Radøy

Radøy med utsikt vestover mot Manger.

Av /KF-arkiv ※.

Alver er ein kommune i Vestland fylke, nærare bestemt i Nordhordland. Kommunen blei oppretta i 2020 ved ei samanslåing av dei tidlegare kommunane Radøy, Meland og Lindås som eit ledd i den landsomfattande kommunereforma dette året.

Den sentrale og nordaustre delen av Alver består av det tidlegare Lindås, som er Lindåshalvøya (utanom nordspissen av halvøya, området vest for Mongstad) og nordsida av Osterfjorden/Romarheimsfjorden til og med Romarheimsdalen med dal- og fjelltraktene omkring. Den sørvestre delen av Alver består av dei store øyane Radøy (110,7 km2) og Holsnøy (88,8 km2) og dessutan ei rekkje småøyar rundt som utgjorde dei tidlegare kommunane Meland og Radøy. Alver har i alt 832 øyar, dei aller fleste rundt dei ytre delane av Radøy og Lindåshalvøya.

Alver grensar til Gulen i Fensfjorden i nord, og til Masfjorden i Austfjorden i nordaust. I aust grensar Alver til Modalen og Vaksdal, i Osterfjorden/Romarheimsfjorden i søraust til Osterøy, og i Salhusfjorden/Osterfjorden i sør til Bergen. Alver grensar i vest til Askøy og Øygarden i Herdlefjorden og lenger nord til Fedje i Fedjefjorden. I nordvest grensar Alver til Austrheim; grensa her følgjer Risasjøen/Bakkøysundet og Keilesundet og går deretter over Lindåshalvøya vest for Mongstad.

Natur

I Alver går det eit klart geologisk skilje mellom områda på nordsida av Osterfjorden/Romarheimsfjorden, aust for Bjørsvik, og resten av kommunen på Lindåshalvøya, Holsnøy og Radøy med øyane omkring.

Berggrunnen i vest høyrer til Bergensfeltet (Bergensbuene), som utgjer ein del av den kaledonske fjellkjeda (den kaledonske orogenese). I Alver dannar berggrunnen her soner som vekslar mellom anortositt, mangeritt, gabbro og gneis og dannar eit landskap med ein tydeleg strokretning nordvest–søraust prega av langstrekte, låge rygger og mange stader lyngkledde heiar. Mellom ryggene er det lågareliggjande og stadvis skogkledde søkk, ofte med myrar og vatn. Strokretninga pregar også vikar, strender og øyar over heile den vestlege delen av kommunen.

Berggrunnen aust for Bjørsvik består hovudsakleg av gneisar av grunnfjellsalder, stadvis tydeleg påverka av den seinare kaledonske fjellkjededanninga.

På Holsnøy og Radøy når dei høgaste toppane høvesvis 324 meter over havet (Eldsfjellet) og 217 meter over havet (Morkefjellet). Lindåshalvøya dannar eit småkupert landskap prega av åsar og søkk som følgjer strokretninga i berggrunnen. Landskapet hevar seg austover og i indre del av Austfjorden 446 meter over havet (Djupedalseggene). Landskapet i gneisområdet lenger aust er høgare og vesentleg meir berglendt, og nær grensa til Modalen når det høgaste fjellet i Alver, Sørdalsnuten, 957 meter over havet.

Av spesiell plantegeografisk interesse i Alver er ein liten bøkeskog på Vollom ved Seim på Lindåshalvøya. Dette skal vere verdas nordlegaste sjølvforyngjande bøkeskog.

Folketal og busetjing

Det er relativt tett busetjing på dei to store øyane Holsnøy og Radøy, likeins på Lindåshalvøya. I motsetnad til dette har området aust for Bjørsvik svært sparsam busetjing. Kommunen har i alt tolv tettstader; seks på Holsnøy/Flatøy, tre på Radøy og tre på Lindåshalvøya. I alt 60 prosent av folkemengda i Alver bur i tettstader (2019). Til samanlikning er tettstadsdelen i Vestland fylke 80 prosent.

Den største tettstaden på Holsnøy/Flatøy er Frekhaug lengst sør på Holsnøy, kommunesenteret i tidlegare Meland kommune, med 3004 innbyggjarar (2019). Andre tettstader i tidlegare Meland er Krossneset, som hovudsakleg ligg på Flatøy i sør (485 innbyggjarar, 2019), Dalemarka (233 innbyggjarar), Holme (944 innbyggjarar) og Vikebø (333 innbyggjarar), som alle tre ligg ut mot Herdlefjorden, og dessutan Moldekleiv (582 innbyggjarar), som ligg ut mot Radfjorden.

Dei tre tettstadene på Radøy er Manger (1181 innbyggjarar, 2019), som ligg ved Mangersfjorden sentralt på vestsida av øya og var kommunesenter i tidlegare Radøy kommune, Haugland (438 innbyggjarar) nordvest på øya og Austmarka i søraust (371 innbyggjarar).

Lindåshalvøya har tre tettstader: Knarvik (5875 innbyggjarar i 2019) lengst sør på halvøya som også omfattar Isdalstø og tettgrenda på andre sida av Alverstraumen og er kommunesenteret i Alver, Leknes (1073 innbyggjarar) ut mot Osterfjorden i sør, og Lindås (1383 innbyggjarar) ved Lindås kyrkje nord på halvøya.

Alver har hatt stor vekst i folketalet dei seinare tiåra, noko som i særleg grad kjem av betre kommunikasjonar, ikkje minst til Bergen med opninga av Nordhordlandsbrua i 1994. Ein annan viktig faktor bak Alvers befolkningsvekst er petroleumsaktiviteten i området, særleg på Mongstad. I tiårsperioden 2009–2019 hadde Alver (med grensene frå 2020) ein gjennomsnittleg årleg folketalsvekst på 1,4 prosent, mot 1,2 prosent for nordhordlandskommunane samla og 1,0 prosent for Vestland fylke i same periode. Veksten har i denne perioden vore særleg sterk i det tidlegare Meland.

Kart over Alver kommune
Kart over Alver kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Industri

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er industrien den viktigaste næringa i Alver med 18 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 28 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Industrien er sterkt prega av oljeraffineriet på Mongstad (Equinor) heilt nord i kommunen, noko som gir bransjen oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri 43 prosent av industriarbeidsplassane i kommunen (2018).

Av andre industribransjar i Alver er verkstadindustrien den viktigaste med 32 prosent av dei sysselsette i industrien; det meste av dette er bygging av skip og oljeplattformer. Denne bransjen betyr særleg mykje i tidlegare Meland og er prega av fleire bedrifter som arbeider innan ramma av samarbeidsorganet Subsea Island.

Viktige industribransjar elles i Alver er (prosentdel av sysselsetjinga i industrien i kommunen 2018 i parentes): bergverk med oljeutvinning (åtte prosent) i tidlegare Lindås, tekstilindustri (seks prosent) og næringsmiddelindustri (fire prosent), begge særleg i tidlegare Lindås og Radøy, og tre- og trevareindustri (fire prosent), i hovudsak i tidlegare Meland.

Primærnæringane

I Alver er fire prosent av arbeidsplassane i primærnæringane (2018). Jordbruket er mest utbreidd på Lindåshalvøya og dei to store øyane Meland og Radøy, der så vel topografi som omfanget av dyrkingsjord ligg best til rette. Praktisk talt heile jordbruksarealet i kommunen er eng og beite. Storfe- og sauehald dominerer, men også hønsehaldet er av eit visst omfang. Det blir elles drive noko hagebruk.

Skogavverkinga i Alver utgjorde 45 570 m3 i 2020, for det aller meste gran. Dette er størst avverking blant dei sju kommunane i Nordhordland.

Fiske betyr relativt lite som sjølvstendig næring i Alver. Viktigast eit fisket i tidlegare Radøy, og berre hit blir det ført i land fangstar av vesentleg omfang. I 2018 hadde dei ilandførte fangstane ein førstehandsverdi på 14,3 millionar kroner.

I Alver blir det drive fiskeoppdrettsverksemd ei rekkje stader, både i fjordane på Lindåshalvøya (særleg Austfjorden og Osterfjorden), på Holsnøy (langs Herdlefjorden) og på Radøy (særleg langs Radfjorden) og på øya Toska utanfor.

Energi

Det er lite vasskraftproduksjon i Alver. Det er per 2019 utbygd tre verk; eitt i Bjørsvik og to i Romarheimsdalen, med ei samla maksimal yting på 1,7 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 6,9 GWh.

Gasskraftverket på Mongstad, som berre sporadisk har vore i drift, var planlagt nedlagt i 2021. Det er ingen vindkraftproduksjon i kommunen.

Pendling

I 2018 hadde 45 prosent av busette yrkesaktive i Alver arbeid utanfor kommunen, 28 prosent i Bergen. Prosentdelen med arbeid i Bergen er særleg stor i tidlegare Meland, ikkje minst på grunn av nærleiken til byen. Alver har elles, særleg på grunn av petroleumsaktiviteten, også stor innpendling frå Bergen og resten av nordhordlandskommunane.

Samferdsel

Hovudvegen sør–nord gjennom Alver er E39, som frå Bergen i sør kjem inn i kommunen via Nordhordlandsbrua. E39 følgjer nordvestsida av Osterfjorden/Romarheimsfjorden og seinare Romarheimsdalen nordover til Oppedal ved Sognefjorden. Fylkesveg 57 er eit viktig ytre samband nordover til Sogn som frå Isdalstø nord for Knarvik på E39 fører over Lindåshalvøya til Leirvåg ved Fensfjorden med ferjesamband til Sløvåg i Gulen.

Frå Isdalstø på fylkesveg 57 fører fylkesveg 565 over Alverstraumen til Radøy og lenger nord over Fosnstraumen til Austrheim. Radøy har eit relativt tett nett av fylkesvegar og kommunale vegar, og bru- og vegsamband til øyane Toska og Floen i sørvest. Holsnøy har fastlandssamband både med Lindåshalvøya i nordaust og Åsane i Bergen i søraust, begge ved fylkesveg 564 via Flatøy og E39. Fylkesveg 564 er hovudsambandet vestover på Holsnøy.

Administrative inndelingar og offentlege institusjonar

Fylkeskommunen driv Knarvik vidaregåande skule på Isdalstø og Manger Folkehøgskule på Radøy. Nordhordland folkehøgskule, som er eigd av Nordhordland Indremisjon, er størst i landet og ligg i Frekhaug på Holsnøy.

I Alver kjem avisene Strilen og Nordhordland ut to gonger kvar veke, i høvesvis Knarvik og Isdalstø.

Alver høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Regionrådet Nordhordland saman med Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy.

Alver kommune svarer til dei sju sokna Alversund, Hundvin, Lindås, Lygra, Myking, Osterfjorden og Seim (i tidlegare Lindås kommune) og Radøy og Meland (begge svarer til dei tidlegare kommunane), alle i Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Lindås til Nordhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Alver

For statistiske formål er Alver kommune (per 2020) delt inn i åtte delområde med til saman 88 grunnkrinsar:

  • Lindås: Åsheim, Lauvås, Verås, Lindås, Fanebust, Fjellanger, Skodvin, Hundvin, Myking, Natås
  • Alversund: Lygra, Festo, Titland, Sellevold, Soltveit, Kvamme, Alver, Alvermarka
  • Knarvik: Øksnes, Spurkeland, Vest Vassbygd, Hopland, Kroken, Isdal, Knarvik K, Knarvik senter, Knarvik H, Gjervik, Øvstegård, Hjelmås, Leiknes
  • Ostereidet: Kløve, Øvre Eikanger, Nedre Eikanger, Åsgard, Vatshelle, Stranda, Eide, Austfjorden, Bjørsvik, Urdal, Romarheim
  • Radøy nord: Marøy, Risnes, Straume, Nordanger, Haugland, Kvalheim, Vågenes, Hella, Grindheim, Sætre, Sletta, Ystebø
  • Radøy sør: Toska, Birkeland, Mangervåg, Manger, Solend, Lie, Marås, Askeland - Taule, Dale, Austmarka, Kalnes, Vetås, Tjore, Sæbø - Hole, Kolstad, Kviste, Bogno
  • Meland nord: Husebø, Landsvik, Rossland, Io, Ryland, Brakstad, Bjørndal, Holme
  • Meland sør: Gaustad, Grasdal, Moldekleiv, Flatøy, Fosse, Frekhaug, Mjåtveit, Sagstad, Meland

Historikk og kultur

Det særprega kulturlandskapet på Holsnøya har fleire spor etter tidleg busetjing, mellom anna restar av steinhus, terrassemurar og setegardar. Ved garden Straume nord på Radøy blei det i byrjinga av 1960-åra avdekt eit verdifullt steinalderfunn beståande av busetjingar som er nytta i nesten 6000 år, fram til rundt 2000 fvt. Funnet er blant dei rikaste steinalderfunna på Vestlandet.

Holmestova på garden Holme på vestsida av Holsnøy er ei av dei eldste røykstovene i Nordhordland, truleg frå 1551. Frå same tid er delar av langhuset i Bogatunet på Kollstad sør for tettstaden Manger på Radøy. Huset ber preg av mellomaldersk byggjeskikk. I tettstaden Holmeknappen på Holsnøy ligg Holmeknappen sjøbu frå 1700-talet, restaurert i 1992, med utstyr frå tønneproduksjon og sildesalting.

Ved Myking i gamle Lindås kommune står ein bautastein over ein av Karl 12s moglege banemenn, Jo Vedlo Hodne, som var med Det nordhordlandske kompani ved Fredriksten festning i 1718.

På Marøy i Fedjeosen nordvest for Radøy finst krigsminne (bunkers og fjelldepot) frå andre verdskrigen. På Sletta rundt fem kilometer nord for tettstaden Manger på Radøy ligg Vestnorsk utvandringssenter med mellom anna bygningar frå dei norske immigrantområda i USA.

Lyngheisenteret ved Lygra på øya Luro i Lurefjorden på Lindåshalvøya blei i 2001 tildelt ein UNESCO-pris for arbeidet med vern av det gamle kulturlandskapet langs kysten. I Skallestraumen sør for Spjotøyna ved Lurefjorden ligg Lindås sluse, som er éin av to saltvassluser her i landet (opna 1908, restaurert i 2013), den andre er Skjoldastraumen i Tysvær.

På garden Meland på Holsnøy, som har vore kyrkjestad sidan midten av 1200-talet, stod det fram til 1616 ei stavkyrkje som då blei erstatta av ei tømmerkyrkje. Denne blei riven i 1816, og ein ny langkyrkje i tre blei reist i 1866. Denne blei restaurert i 1955. Den nye hovudkyrkja i Lindås, Knarvik kyrkje, blei vigsla i 2014.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet viser ei bru og ein båt i sølv mot ein blå bakgrunn. Båten er det tradisjonelle samferdselsmiddelet i alle dei tre kommunane som er slått saman, og bruene bind desse saman. Bakgrunnsfargen speglar kor viktig havet er for kommunen.

Namnet Alver er opphavleg eit gardsnamn, Alvera, norrønt Alviðra. Førsteleddet kjem truleg av norrønt al, ‘heil’, og viðra, ‘vêr’, det vil seia ein stad utsett for vêr frå alle kantar eller all slags vêr.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg