Alice er eit kvinnenamn som er engelsk form av gammalfransk Aliz med opphav i ei gammalhøgtysk form som svarer til Adelheid.

Namnet har fleire variantar: Alice, Alisa, Alise, Aliza.

Personar med namnet Alice

Kulturell bruk

  • «Alice i eventyrland» (1865) av den engelske forfattaren Lewis Carroll (pseudonym).

Kjende personar med namnet Alice

Eit utval personar med namnet Alice, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 611 kvinner i Noreg som hadde Alice som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 27 jenter som fekk namnet Alice.

Av dei som heitte Alice i perioden 1900–2017, var det 62 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Alice. Dette inneber at 38 prosent hadde Alice som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det engelske Alice låg på topp 1910–1914. Dette var like før den sterkaste perioden for dei engelske kvinnenamna, mellom anna namna på -y (Mary, Lilly, Anny, Nelly, Henny, Kitty, Elly og Nancy). I motsetning til dei fleste engelske namna vart Alice på nytt populært på 2000-talet.

Utvikling i bruk av namnet Alice frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Alice frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg