Faktaboks

Al Fashir
El Fashir
Uttale
fˈashir

Al Fashir er ein oaseby i Sudan som voks fram som karavaneby. Sultanen 'Abd al-Rahman al-Rashid av Sultanatet Darfur valde byen som hovudstad for sitt omreisande hoff på slutten av 1700-talet. Byen fekk då namnet Al Fashir, som betyr 'hovudkvarteret'. Palasset til sultanen vart bygd i sentrum av byen. Det er no museum for historia til Darfur.

I dag er Al Fashir hovudbyen i delstaten Nord-Darfur. Byen ligg 195 kilometer nordaust for Nyala. Den er plassert ved foten av Marrafjella og ligg cirka 700 meter over havet. Byen er eit jordbrukssenter med korn- og frukthandel. Byen har ei befolkning på omkring 250 000 (2020). Byen har flyplass og bilveg til Nyala i sørvest, Geneina i vest og Kosti i aust.

Al Fashir har eit tørt og varmt klima med tre sesongar: ein kjølig periode frå oktober til februar, ein varm periode frå mars til mai, og ein moderat regntid frå juni til september. Den årlege nedbøren er cirka 210 millimeter.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg