Agnus Dei. Guds lam med glorie og triumffane.

.
Lisens: fri

Agnus Dei er eit ledd (ein hymne) i den katolske messa og i andre kristne kyrkjesamfunn, blant dei Den norske kyrkja. Det er også ei symbolsk nemning for Jesus Kristus som det sanne påskelammet, det fullkomne syndofferet. Nemninga finst i fleire av bøkene i Bibelen, i Jesaja kapittel 53, vers 7, i Første Korintarbrevet kapittel 5, vers 7, og i Johannesevangeliet kapittel 1, vers 29.

Faktaboks

Uttale
ˈagnus dˈeːi
Etymologi

frå latin Agnus Deí ‘Guds lam’

I Johannes' openberring blir lammet framstilt på éin gong som slakta og som triumferande. På dei vanlege biletframstillingane av Agnus Dei på amulettar og i kyrkjeleg kunst står difor lammet med ei sigersfane.

Siste del av den katolske messa blir innleidd med ei bønn som byrjar med Agnus Dei, og kan difor sjølv kallast Agnus Dei, tilsvarande i den lutherske nattverdsliturgien Du Guds lam.

Amulett

Vokskaker med bilete av Guds lam med krossen blei delt ut av pavane ved påsketider. Namnet blei overført til dei runde kapslane, vanlegvis av sølv, som omgav vokskakene og var utstyrte med same bilete. Denne seremonien synest å ha oppstått på 1500-talet, men stansa i 1960-åra. I norsk folkekunst er agnestei eit mellomalderleg smykke som opphavleg blei bore som amulett og no høyrer til brudesølvet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg