gamal gard i Ullensvang herad, Hordaland, på vestsida av Sørfjorden. Aga, med busetnad heilt frå steinalderen, var på 1200-talet hovudsete for ei adelsætt. Riddaren og lagmannen for Gulating, Sigurd Brynjulvsson (drukna 1302), bygde den eineståande Lagmannsstova, som enno står. Lagmannsstova vart freda 1924. Det øvrige tunet, Agatunet, vart freda 1937 og består i dag av vel 30 hus. Rett opp for tunet den 1506 m høge, bratte Aganuten, som det har gått fleire farlege skreder frå. Garden er delt i mange bruk. Eit nasjonalt jordskiftesenter er etablert i tilknyting til Agatunet.