Frå 1921 og åra framover kom bankar i krise over heile landet. 38 forretningsbankar og 10 sparebankar kom i vanskar i 1921. I 1922 vart det verre og då kom også nokre av dei store bankane i vanskar. 1923 vart det verste året, og Noregs Bank fann det uråd å halde oppe ei ordning der styresmaktene ytte lån og kreditt til krisebankane.
Med Berge som finansminister vart det i rekordfart vedteke ei lov som opna for at bankar kunne setjast «under offentleg administrasjon» dersom dei kom i vanskar. Ein av dei bankane som kom i krise før denne lova kom var den store Handelsbanken. Faren var overhengande for at krisa i denne banken dersom ho vart kjend, kunne skape ein ålmenn bank-panikk.
For å unngå det gjekk dåverande finansminister Berge i slutten av mai 1923 inn for å setje inn 25 millionar statlege kroner på konto i Handelsbanken. Dette var nokre få dagar etter at statsminister Halvorsen var død, men før det var klart kven som skulle ta over. Desse pengane fanst ikkje tilgjengelege i statskassa. Finansdepartementet måtte skaffe dei ved å skrive ut statsvekslar for summen.
Ein tok ikkje sjansen på å klarere saka i Stortinget. Berge var livredd for at lekkasje kunne skape panikk, og det var berre regjeringa som vart orientert. Det viste seg at situasjonen for Handelsbanken vart verre, snarare enn betre, og hausten 1924 vart banken sett under offentleg administrasjon. Då vart den hemmelege redningsaksjonen offentleg kjend, og det reiste seg ein storm av kritikk, først og fremst frå Arbeidarpartiet, men også frå Venstre. I 1926 vedtok Odelstinget med 62 mot 50 stemmer å reise riksrettssak mot Abraham Berge og seks av regjeringskollegaene hans frå mai 1923.
Klagemåla var for det første at han to gongar lot vere å opplyse Stortinget om det offentlege innskotet på 25 millionar kroner i Handelsbanken, og for det andre at regjeringa for å skaffe dei 25 millionar kronene, hadde teke opp eit statslån utan godkjenning frå Stortinget. Det er i strid med Grunnlova.
Riksretten vart sett 3. september 1926, og først i mars året etter vart dommen avsagt. Både Berge og dei andre statsrådane vart frifunne på alle punkt, mellom anna fordi nokre av tiltalepunkta var forelda. Etter denne saka vart det sett ned ein komité som gjennomgjekk riksrettsinstitusjonen og moderniserte lovverket.
Frifinninga av Berge vart sterkt kritisert, og det er klart stemninga var prega av at svært mange menneske hadde tapt pengar på bankkrisa, men utan at nokon av banksjefane og dei ansvarlege for krisa hadde blitt straffa. Berge var innvald frå Bergen i denne stortingsperioden, men møtte nesten ikkje. Han var sjukmeldt det meste av tida. Saka tok på den gamle mannen, og har i ettertid skygga for den dimensjonen han hadde som politikar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.