Faktaboks

Aasta Voss
Uttale
f-
Fødd
26. oktober 1914, Volda
Død
29. mai 1994, Oslo

Aasta Voss var ein norsk skodespelar. Ho debuterte i 1935 som Georgine i Oskar Braatens Den store barnedåpenDet Norske Teatret, der ho sidan var tilsett, bortsett frå to korte opphald ved Rogaland Teater og Riksteatret.

Med skarp realistisk teft spelte ho ei rekkje kvinneroller i Braatens skodespel, dessutan Nastja i Maxim Gorkijs Nattasylet, fru Buch i Cora Sandels Kranes konditori og Indiana i Medmenneske av Olav Duun. Ho viste seg òg som ein sikker stiliseringskunstnar, mellom anna i Yerma av Federico García Lorca, i Den kaukasiske kritringen og Det gode mennesket frå Sezuan av Bertolt Brecht og i gjennomført pantomimisk stil i Keisar Jones av Eugene O'Neill.

Voss filmdebuterte som Josefine i Bør Børson jr. (1938), følgt av rolla som Inga i Godvakker-Maren (1940) og seinare fleire større og mindre biroller. Ho spelte òg i fleire høyrespel produsert av NRK.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg