Vannfargemaleri av dansende feer
William Blake, "Oberon, Titania and Puck with Fairies Dancing" (ca. 1786). Vassfargar og blyant på papir. Tate Britain, London.

Ein midtsommarnattsdraum (A Midsummer Night’s Dream) er ein komedie av William Shakespeare. Den blei skriven i om lag 1595-1596 og kom ut i kvarteutgåve i 1600. Stykket handlar om kjærleik, trolldom, draumar, og skodespelkunsten sjølv, og den er Shakespeares mest kjende og oftast framførde komedie.

Faktaboks

Også kjend som
En sommernattsdrøm
Uttale
ə mˈidsʌmə naits dri:m

Handling

Ein midsommarnattsdraum går føre seg i ein skog utanfor Athen i mytisk tidsalder, men delar av persongalleriet minner meir om Shakespeares eige England på siste del av 1500-talet. Fire handlingstrådar tvinnar seg gjennom stykket: i byen Athen skal hertugen Thesevs snart gifte seg med amasonedronninga Hippolyta (Hippolyte), som han har sigra over i strid. Ein trupp med amatørskodespelarar driv på si side og øver på eit stykke som dei vil opptre med i bryllaupet. Samstundes er fire elskande aristokratar fanga i ei komplisert kjærleiksfloke og rømmer til skogs for å sleppe unna strenge foreldre og dømmande autoritetar. I skogen finn vi alvar og feer: Robin Goodfellow, også kjend som Puck er tenaren til alvekongen Oberon, som har roke uklar med alvedronninga Titania.

Struktur og tema i stykket

Skodespelet startar med at Thesevs talar til Hippolyta om kor kort tid det er til bryllaupet deira. Dei er figurar frå gresk mytologi; han er helten som grunnla bystaten Athen i følgje legenda, og ho er dronninga over amasonene. Dei kan spelast som forelska par, men ofte blir hennar svar til Thesevs framførde med sarkastisk tonefall, sidan ho er der mot si vilje.

Egeus kjem til Thesevs og Hippolyta for å klage si naud over dottera Hermia, som ikkje vil gifte seg med mannen han har valt ut til ho, Demetrius. Ho er forelska i Lysander, og han i henne. Etter kvart blir også Helena introdusert, og ho er ulukkeleg forelska i Lysander. Thesevs beordrar Hermia til å lyde far sin, noko som fører til at Lysander og Hermia rømmer ut i skogen og at Demetrius og Helena følger etter. Forvekslingane mellom desse fire og måten vanskane til slutt blir løyste er hovudhandlinga i stykket; hindringa med ein motvillig far er typisk for kjærleikskomediar som denne.

Ei gruppe med handverkarar (‘mechanicals’) vil framføre eit stykke for grev Tesevs i håp om gunst og løn. Quince er dramaturg og leiar for truppen medan Bottom er den største klovnen av dei. Handverkarane (ein tømmermann, ein vevar, ein snekkar, m.fl.) kjem til kort når det gjeld både tekstforståing, regi og skodespelarevner, noko som fører til mange komiske situasjonar og ufrivillige ordspel.

Det går mot natt. Alvedronninga Titania og alvekongen Oberon kranglar om kven som skal eige eit menneskebarn som har blitt overlate til feene og nattvesena i skogen. Oberon får tenaren sin, Puck, til å finne ein blome med magisk sevje som gjer folk forelska. Med denne vil han spele Titania eit puss. Puck skaffar blomen før Demetrius og Helena dukkar opp i skogen deira. Oberon får høyre korleis Demetrius avviser Helena og bestemmer seg for å teste plante-eliksiren på dei. Puck skal drype magiske dråpar på augeloka til Demetrius slik at han skal bli forelska i det første han ser når han vaknar. Puck finn han ikkje, men kjem i staden over Lysander og gir han behandlinga i staden. Med dette set han i gong det som skal bli ein serie med partnarbytte, mistydingar, krangling og slåssing, før alt etter kvart løyser seg.

Handverkarane kjem til skogen, nær der Titania held til, for å øve. Puck ser dei og vil spele dei eit puss også (for slik er han). Bottom går av scena og når han kjem attende har han eselhovud, noko han ikkje er klar over sjølv, men som gjer at dei andre handverkarane rømmer i panikk.

Titania har sove gjennom alt ståket og har fått kjærleiksdråpar på augene av Puck, men når natta tar ordentleg til vaknar ho og det første ho ser er Bottom med eselhovudet. Ho blir med ein gong djupt forelska.

Då Oberon får høyre om korleis Puck har lurt Titania blir han veldig nøgd, men han skjenner på Puck for å ha fortrylla feil atensk mann. Etter mykje om og men får Puck etter kvart ordna det slik at dei fire får ein partner kvar, i ei ordning som fungerer for alle: Demetrius med Helena og Lysander med Hermia. Samstundes sørger Oberon for at Titania kjem til sans og samling og blir den lydige dronninga hans igjen. Kjønnsrollene i dette stykket er altså tradisjonelle (i alle fall på overflata).

Den som tydlegast talar i mot mannsdominansen i stykket er krigardronninga Hipployta. Då ho og Thesevs kjem til skogen tidleg neste morgon og finn den unge atenarane er det ho som får siste ordet i diskusjonen om kunst, draum, røynd og fantasi. Thesevs vil le bort det som har skjedd som innbilling og overtru, men ho er usamd. «Her er noe skapt med varig virkning», seier ho i André Bjerke si omsetjing, «Iallfall er det merkelig og stort.» («… something of great constancy / But howsoever strange and admirable»).

Når alle er trygt tilbake på plass i byen, og Bottom har blitt vanleg igjen, får handverkarane endeleg framføre stykket sitt i det som no har blitt eit trippelbryllaup. Aristokratane kjem med mange hånlege tilrop til den amatørmessige framføringa, men blir likevel godt underhaldne av stykket om Pyramus og Thisbe (som minner veldig om Romeo og Julie, som kompaniet til Shakespeare framførte om lag på same tid som Ein midtsommarnattsdraum), og gir lovnad om belønning til truppen.

Til slutt er det Puck som held avslutningstalen i Ein midtsommarnattsdraum og ber om applaus.

Tolkingar

Sjølv om denne komedien tilsynelatande er harmonisk og ofte blir framført av barnekompani er det eit komplekst stykke med til dels mørke undertonar og mange rike klanggrunnar for dei som kjenner bakgrunnen.

For det første er Ein midtsommarnattsdraum eit døme på meta-teater: eit skodespel som handlar om skodespel. Med amatørhandverkarane som spelar for overklassens gunst og hån ironiserer Shakespeare over sitt eige kompani, The Lord Chamberlain’s Men. Likskapen mellom stykket-i-stykket, «Pyramus and Thisbe» og Romeo og Julie er nok ikkje tilfeldige. Og som vi har sett snakkar Hipployta med stor innsikt om tilhøvet mellom draum, fantasi og kunst, og den effekten desse tinga har på menneska.

For det andre er det eit stykke som handlar om dronninga av England, Elizabeth 1. Ikkje berre viser teksten indirekte til ho fleire gonger, men ideen om at Elizabeth var ei slags alvedronning var alt etablert av det svært kjende diktet «The Fairie Queene» (1590-96) av Edmund Spenser. Ein kan sjå teikn til at relasjonen mellom skodespelarar og hoffet i stykket reflekterer ein liknande situasjon i røynda, men nett korleis dette heng saman er det no ingen som veit nøyaktig.

I nyare tid er det mange som har merkt seg at det er mangt som skurrar i dette stykket. Kanskje er det slik at kjærleiksdropane i den magiske blomen har endra på kven som elskar kven slik at alt går opp, men den effekten varar neppe evig. Fleire litteraturforskarar har påpeikt at stykket påkallar eldre tradisjonar som karneval og bakkanal, der alt er opp-ned og i unntakstilstand så lenge festivalen varer – men ikkje lenger.

Kjønnsrollene er også litt urovekkande og det som skal vere ein kjærleikskomedie er til dels prega av kamp mellom mann og kvinne. Mange har påpeikt korleis Oberon og Titania er som ein nattversjon av Tesevs og Hippolyta, og det hender at same skodespelarar spelar begge para. Stykket blir gjerne lese som eit uttrykk for underliggande psykologiske og seksuelle prosessar, slike som går føre seg i underbevisstheita når ein drøymer. Og som nemnt tek det opp klasseskilnader, og der ligg kanskje ein samfunnskritikk under det komiske.

Kjelder, tekst og kontekst

Tittelside fra A Midsummer Night's Dream

Første side av A Midsummer Night's Dream i førstefolioen frå 1623.

I lag med Stormen er Ein midtsommarnattsdraum eitt av to Shakespeare-stykke der han ikkje har lånt hovudhandlinga frå ei identifiserbar kjelde. Teksten er likevel full av referansar og detaljar frå ei rekke stader. Romeo og Julie, «The Fairy Queene» og greske myter har blitt nemnde. I tillegg har engelsk folklore verknad på framstillinga av Oberon, Titania, alle dei små og store andre alvane (Peaseblossom, Moth, Mustardseed) og Puck/Robin Goodfellow, ein figur som kan minne om den norske gardsnissen.

Stykket er skrive i 1595-6 og kom ut i kvarteutgåve (relativt billeg, lite format) i 1600 og i folio (relativt dyr samleutgåve, stort format) i 1623. Til liks med mange andre tekstar av Shakespeare er aktinndelingane og scenetilvisingane lagde til i ettertid, men der er ingen større skilnader mellom dei forskjellige versjonane.

Som alle dei mest populære Shakespeare-stykka har Ein midtsommarnattsdraum hatt stor innverknad på kulturhistoria. Dette skodespelet har særleg vore til inspirasjon i fantasy-sjangeren, og ein ser spor av det blant anna i J.R.R. Tolkiens Midgard.

Mottaking

Teaterscene og film

Som sagt er dette Shakespeares mest kjende komedie og mest framførte stykke. Det er ofte å sjå på skuletilstelningar og i andre amatørproduksjonar og er litt av ein publikumsfavoritt på scener rundt om i heile verda.

Det var gjenstand for ei radikal tolking av Peter Brook i 1970. Stykket blei framført i ein kvit boks med tre veggar, med skodespelarar til dels i sirkuskostymer, og med innslag av akrobatikk og sjonglering. Ved å bruke Andrew Howard og Sarah Kastelmann både som Tesevs og Oberon, Hippolyta og Titania, fekk han fram korleis feene kan tolkast som draume-alter ego og uttrykk for underbevisste lyster og tankar. I Noreg har Toralv Maurstad spelt Puck både i 1958 og 2009.

Avant-garde-regissøren Max Reinhardt, som flykta frå nazistane til Hollywood på 1930-talet står for ein av dei mest visuelt imponerande versjonane av stykket på film (1935). Stykket er ensemblebasert og har ingen klare stjerneroller, men ein versjon med fleire kjende skodespelarar som Kevin Kline, Michelle Pfeiffer og Stanley Tucci kom ut i 1999, i regi av Michael Hoffman.

Den norske TV-serien «Midtsommernatt» (regi Per-Olav Sørensen 2024), med rollefigurar som Hanne, Helena og Lysander er tydleg men laust basert på stykket til Shakespeare.

Musikk

Den tyske romantiske komponisten Felix Mendelssohn skreiv musikk til Ein midtsommarnattsdraum ved to høve, og både ouverturen frå 1826 og musikk han skreiv for ei førestilling i 1842 har blitt mykje spelt. Bryllaupsmarsjen frå akt fem av sistnemnde er særleg godt kjend.

Den engelske komponisten Benjamin Britten produserte ein operaversjon 1960.

Biletkunst, illustrasjonar og teikneseriar

Oljemaleri: Titania and Bottom, c. 1790, Tate Gallery
Alvedronninga Titania og Bottom med eselhovud, av Henry Fuseli, ca. 1790.

Dette stykket har appellert til fantasien til mange biletkunstnarar. Den sveitsisk-engelske kunstnaren Henry Fuseli (Johann Heinrich Füssli) sitt oljemaleri Titania and Bottom (ca. 1790) er det mest slåande og mystiske: feene her er veldig ulike menneska. Også den engelske kunstnaren William Blake er oppteken av mystikk og magi og fokuserer på feer og alvar heller enn dei menneskelege karakterane i sine vassfargemaleri frå 1780-talet.

Stykket finst også i mange illustrerte utgåver, særleg frå 1800-talet og rundt 1900. Den britiske illustratøren og kunstnaren Arthur Rackham (kjend også som illustratør av Alice i eventyrland) si utgåve frå 1908 får fram dei skremmande aspekta ved det overnaturlege.

Ein midtsommarnattsdraum spelar ei sentral rolle i teikneseriesagaen Sandman (1989-1996) av Neil Gaiman, der både handlinga og tematikken i stykket flettast inn i serien sitt plott om draumar og fantasi. Stykket har også kome ut som teikneserie fleire gonger, blant anna i serien Classics Illustrated (#87, 1951) og i manga-utgåver (2008 og 2018).

A Midsummer Night’s Dream på norsk

Tittlen er ikkje fast på norsk – ulike omsetjarar har forskjellige versjonar:

Erik Eggen, Jonsok-draumen: eit gaman-spel (1912)

Rolf Hiort-Schøien, En sommernatsdrøm (1930)

Henrik Rytter, Ein midsumarnattsdraum (1934)

André Bjerke, En sommernattsdrøm (1958)

Halldis Moren Vesaas, Ein midtsommarnattsdraum (1980)

Øyvind Berg, En midtsommernattsdrøm (2009)

Lenker

Populariteten til A Midsummer Night’s Dream: https://yougov.co.uk/society/articles/15220-shakespeare-400

Om Brittens opera: https://www.eno.org/discover-opera/operas/introduction-midsummer-nights-dream/

Mendelssohn: https://www.youtube.com/watch?v=gJs4KkUxN2Y&ab_channel=CollinsClassics

"Titania and Bottom" av Fuseli: https://en.wikipedia.org/wiki/Titania_and_Bottom

Kjelder

Bullough, Geoffrey. Narrative and Dramatic Sources of Shakespeare vol. 1. London: Routledge, 1964.

Chaudhuri, Sukanta (red.) A Midsummer Night’s Dream av William Shakespeare. Bloomsbury-Arden, 2017.

Smith, Emma. This is Shakespeare. Pelican, 2019.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg