Logo
Amedias logo
Amedia.

Amedia er eit norsk mediekonsern som frå 2022 er det største norske mediekonsernet, rekna på grunnlag av talet på aviser og totalopplaget. Schibsted ASA er likevel større, målt i omsetning. Ei nyoppretta stifting, oppretta av Sparebankstiftelsen DNB, overtok i 2016 som eigar av heile Amedia-konsernet. Tidlegare heitte konsernet A-pressa.

Faktaboks

Også kjend som

A-pressen (1990–2012)

Norsk Arbeiderpresse (1948–1990)

Styreleiar i Amedia er André Støylen. Konsernsjef frå august 2020 er Anders Opdahl, som avløyste Are Stokstad.

Tilhøyrande aviser

Amedia eig 91 aviser (2024). Av desse er 37 dagsaviser, medan dei andre kjem ut to eller tre dagar i veka. Drammens Tidende, med eit totalopplag i 2022 på 27 373, er den største av Amedia-avisene. Selskapet gir også ut fleire gratisaviser, hovudsakleg i Oslo.

I tillegg til dette har Amedia interesser innan elektroniske medium, og eig mellom anna 100 prosent av Nettavisen og NA24 etter å ha delt eigarskapen 50–50 prosent med danske Egmont sidan 2009. Digitale Medier 1881 blei overteke av Amedia i 2013. Ei ny digital lokalavis for Kristiansand, KRS, blei etablert av Amedia sommaren 2023. I juni 2021 kjøpte Amedia 66,9 prosent av aksjane i Tun Media, som mellom anna eig Nationen og Bondebladet. Amedia eig dessutan seks trykkeri og er medeigar i tre til i Noreg, og selskapet eigde i tillegg inntil april 2022 seks trykkeri i Russland.

På grunn av den russiske invasjonen i Ukraina i februar 2022 valde Amedia å trekkje seg ut av trykkeriverksemda i Russland. Det skjedde ved at all kontroll og alle aksjonærrettar blei overdregne til fredsprisvinnar Dmitrij A. Muratov.

Amedia inngjekk hausten 2018 avtale med Nordsjø Media AS om å overta alle aksjane i mediekonsernet. Ni lokalaviser i Rogaland og Vest-Agder blei dermed ein del av Amedia. Saman med Bonnier kjøpte Amedia ved årsskiftet 2018–2019 det svenske aviskonsernet MittMedia, som gir ut 28 abonnementsaviser. Amedias eigardel er 20 prosent. Gjennom eigarskapen i Bonnier inngjekk Amedia i 2021 ein samarbeidsavtale med Göta Media, som omfattar 55 lokalaviser. Amedia er totalt deleigar i 57 lokale og regionale aviser i Sverige.

I februar 2020 inngjekk Amedia ein tiårig teknisk og strategisk samarbeidsavtale med TA-konsern, som mellom anna gir ut Trønder-avisa og fleire lokalaviser i Trøndelag.

Drygt 60 prosent av abonnentane av Amedias aviser er heildigitale, det vil seia at dei les avisa si både på nett og papir.

Inntektene

Driftsinntektene i 2022 var på 4,0 milliardar kroner (4,1 milliardar kroner i 2021). Brutto driftsresultat (EBITDA) var i 2022 på 370 millionar kroner (624 millionar kroner i 2021). Resultat før skatt var 137 millionar kroner i 2022 (492 millionar kroner i 2021).

Historikk

Amedia-huset
Akersgata i Oslo har i lang tid vore det tradisjonelle sentrum for norsk presse. Amedia held til i Akersgata 34.

Norsk Arbeiderpresse

Norsk Arbeiderpresse blei oppretta i 1948 som eit finansieringsselskap eigd av LO, Arbeidarpartiet og arbeidarpressa. Kvar enkelt A-presseavis blei då gitt ut av lokale aksjeselskap eller andelslag der lokale arbeidarpartilag, fagforeiningar knytte til LOs forbund og Norsk Arbeiderpresse A/S var eigarar. Avisene samarbeidde gjennom Arbeiderpressens Samvirke A/L.

Trykkeri og aviser i Russland

I 1990 blei Norsk Arbeiderpresse A/S refinansiert av LO og omorganisert til konsern, der dei enkelte avisene inngjekk som dotterselskap. Frå 1995 utvida konsernet verksemda, mellom anna ved å kjøpe seg inn i TV2 og i russiske trykkeri. Fram til 2007 hadde A-pressa også eigarinteresser i russiske medium, blant dei den største riksdekkjande dagsavisa i landet, Komsomolskaja Pravda (25 prosent eigardel). Seinare bestemde A-pressa seg for berre å satsa på trykkeriverksemd i Russland. Etter den russiske invasjonen i Ukraina våren 2022 valde Amedia å trekkje seg ut av trykkeriverksemda i Russland.

Borgarlege aviser

I juni 2012 overtok A-pressa formelt Edda Media frå britiskbaserte Mecom, sjølv om kjøpet var ein realitet eit halvt år tidlegare. Ei rekkje borgarlege aviser som tradisjonelt hadde støtta Høgre eller Venstre, blei over natta ein del av den norske arbeidarpressa. Fredriksstad Blad, Drammens Tidende, Haugesunds Avis, Gjengangeren og Lofotposten var blant desse. Men det dramatiske medieoppkjøpet gjekk ikkje knirkefritt. Både Konkurransetilsynet og Medietilsynet kravde at A-pressa selde vidare fleire aviser, mellom anna Varden, som vilkår for å godkjenne oppkjøpet.

På same tid vedtok A-pressa å selje seg ut av TV2. A-pressa eigde 50 prosent av aksjane. Desse blei selde til det danske medieselskapet Egmont, som frå før eigde 50 prosent.

Namneskifte

I september 2012 skifta A-pressa namn til Amedia AS. LO og ei rekkje fagforbund eigde til saman nær 45 prosent av aksjane. Telenor ASA hadde ein like stor post og Stiftinga Fritt Ord vel 3 prosent. Det tidlegare namnet (med bindestrek og trykk på A-en) indikerte ei tilknyting til arbeidarrørsla som var avleggs, ettersom ei rekkje borgarlege aviser hadde blitt ein del av konsernet.

Sparebankstiftinga DNB forplikta seg, gjennom den nye eigarstiftinga, til å behalde Amedia som eit samla konsern. Utgivingsgrunnlaget, sjølvstendet og den redaksjonelle fridommen til avisene skulle også haldast oppe. Amedia-namnet blei vidareført.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg