Averøy er ein kommune i Møre og Romsdal fylke, på nordmørskysten sørvest for Kristiansund. Kommunen ligg i sin heilskap på øyar og består av den 165 km² store Averøya og mange mindre øyar og holmar nordvest for denne.Averøy kommune er skild frå fastlandet og nabokommunane: Hustadvika i Lauvøyfjorden/Kornstadfjorden i sørvest og sør, Gjemnes i Kvernesfjorden i søraust og Kristiansund i Bremsnesfjorden i aust og nordaust.Kommunen blei oppretta 1964 ved samanslåing av tidlegare Kvernes kommune og dei to tidlegare kommunane Kornstad og Bremsnes sine delar av Averøya og dei mindre øyane utanfor. Hele artikkelen