Herøy er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke, på øyar ut mot havet mellom Ålesund og Stad. Den nordaustlege delen av Gurskøya utgjer godt over halvparten av landsarealet i kommunen (68,5 km2 på Herøy sin del). Resten av øyane, Sørøyane, ligg på nordsida av Herøyfjorden. Størst av desse er Leinøya (14,4 km2) og Bergsøya (7,6 km2). Vest for desse og lengst ut mot havet ligg Nerlandsøya (14,6 km2) og Skorpa (2,8 km2), og i nord Remøya (3,6 km2) og Runde (6,2 km2). Hele artikkelen