Gaular var ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Den vart i 2020 ein del av Sunnfjord kommune, etter å ha vorte slått saman med Førde, Jølster og Naustdal, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.Gaular er ei jordbruksbygd med den monalege lakseelva Gaula. Kommunen omfatta den inste delen av Dalsfjorden og Gaula sitt dalføre austover til Haukedalsvatnet (297 meter over havet), og dessutan sidedalen Eldalen.Grensene til kommunen var uendra frå 1838 til 1990, då eit område på nordsida av Dalsfjorden aust for Dale i Fjaler, Hestad, vart overført til Gaular. Hele artikkelen

Ny artikkel