Odda var ein kommune i tidlegare Hordaland fylke. Odda vart i 2020 ein del av Ullensvang kommune, etter å ha vorte slått saman med Jondal og Ullensvang, og den vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.Odda kommune låg lengst søraust i Hardanger. Kommunen omfatta inste delen av Sørfjorden med Oddadalen innanfor, og dessutan Røldal i sør som geografisk sett utgjer øvre del av Suldalsvassdraget, likeins fjellområdet opp til vasskiljet på Folgefonna i vest og dei sørvestre del av Hardangervidda i aust.Odda vart oppretta i 1913 ved deling av den dåverande Ullensvang kommune i tre: Kinsarvik, Ullensvang og Odda. Hele artikkelen

Ny artikkel