Sveio er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg lengst sørvest i fylket, på halvøya mellom Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i aust. Sveio omfattar den nordvestre delen av Haugalandet (Haugesundshalvøya) og grensar mot Rogaland fylke i sør og søraust. Sveio blei oppretta som kommune i 1865 ved utskiljing frå den dåverande kommunen Finnås, samstundes som også Vikebygd blei innlemma. Hele artikkelen