Tinn er ein kommune lengst nord i Telemark fylke. Kommunen omfattar dalane som munnar ut i Tinnsjå, med skog- og fjelltraktene omkring. I aust og nord grensar Tinn mot Buskerud. Vestgrensa er mot Vinje frå Møsvassdammen og nordover. Mot sør går grensa mot Seljord, Hjartdal og Notodden. Tinn omfattar den søraustre delen av Hardangervidda. I 1860 vart delar av Tinn slått saman med delar av Hjartdal til den nye kommunen Gransherad. Hele artikkelen