Dovre er ein kommune i Innlandet fylke, i Nord-Gudbrandsdalen. Kommunen grensar til Oppdal i nord, Folldal i aust, Sel i sør og Vågå og Lesja i vest. Kommunen vart skild ut frå Lesja kommune i 1863, og den einaste seinare endringa av kommunegrensene kom i 1970, då eit mindre område vart overført til Folldal. Gudbrandsdalslågen renn gjennom den vestlege delen av kommunen, som er ei typisk fjellbygd. Hele artikkelen

Ny artikkel