Faktaboks

Wollert Konow
Wollert S.B. Konow
Fødd
16. august 1845, Stend i Fana (no Bergen), Hordaland
Død
15. mars 1924, Fana (no Bergen)
Verke
Politikar
Familie
Foreldre: Brukseigar Wollert Konow (1809–81) og Marie Louise Oehlenschläger (1818–1910). Gift 10.5.1875 med Fredrikke Wilhelmine (“Frigga”) Kooter (25.12.1854–5.8.1935), dotter til bankbokhaldar Jacob Blaauw Kooter (1818–87) og Marie Frederikke Balchen (1817–83). Soneson til Wollert Konow (1779–1839); bror til Harald Georg Christian Konow (1841–83; se NBL1, bd. 7); fetter til Wollert Konow (H.) (1847–1932); tremenning til Knud Krogh-Tonning (1842–1911).
Wollert Konow
Wollert Konow
Av /NTB Scanpix ※.

Wollert Konows karriere på den rikspolitiske arenaen har to toppunkt, eit tidleg og eit seint: i andre halvdel av 1880-åra var han ein av leiarane i det “reine” Venstre; meir enn 20 år seinare vart han statsminister (1910–12) i ei konservativ-liberal regjering. Begge høgpunkta vart følgde av sårande nederlag. Imellom dei utfalda politikaren Konow seg mest på det lokale plan.

Konow var fødd på Stend i Fana, der faren hadde kjøpt gard og dreiv møllebruk. Heimen var prega av farens mangslungne politiske og kulturelle interesser og av moras danske, estetisk-litterære bakgrunn; ho var dotter til diktaren Adam Oehlenschläger. Miljøet i heimen sette varige merke i sonens åndskulturelle legning: hans noko aristokratiske liberalisme, mottakelege sinn for nordiske og europeiske åndsstraumar og dragninga mot filosofisk spekulasjon. Men den unge Konow var òg eit “barn av si tid” og engasjert i dei spørsmål den stilte.

Ved Bergen katedralskole kom Konow i kontakt med målsaka. Ikkje lenge etter vart han innskreven i det bergenske Vestmannalaget. Men som andre målvener med urbankulturell bakgrunn vart han aldri målbrukar; berre somme brev og artiklar skreiv han på landsmålet. Han stod heller ikkje fram som nokon stridsmann for målsaka, men interessa for ho “gjekk aldri ut av blodet hans” (Rune Birkeland).

Etter studenteksamen 1864 drog Konow til Christiania og byrja på eit jusstudium som han aldri fullførte. Han vart grepen av folkeopplysningstanken som i 1860- og 1870-åra materialiserte seg i skipinga av ei rekkje folkehøgskolar. Saman med Niels Juel starta han 1868 ein slik skole på Halsnøy i Sunnhordland, dreiv den i fire år og var deretter eit år på Mossige på Jæren.

1873 tok Konow over møllebruket på Stend. Dermed byrjar ein ny fase i livslaupet hans med omfattande engasjement både i lokalstyre og rikspolitikk. Han fekk gjort mykje for bygda, m.a. som ordførar 1880–1901 med berre to avbrot. Samtidig tok han raske steg inn i den nasjonale politikken. 1877–79 var han 1. vararepresentant til Stortinget frå Søndre Bergenhus og møtte på tinget siste året. Deretter følgde tre periodar, 1880–88, som representant. Han høyrde til den unge generasjon av radikale tingmenn som flokka seg om Johan Sverdrups førarskap i regimekampen fram mot 1884; Konow rekna seg jamvel som republikanar. Han deltok i skipinga av Norges Venstreforening 1884 og sat i landsstyret fram til 1889, som varaformann siste året. Også på tinget steig han i gradene og var odelstingspresident 1884–87 og stortingspresident 1888.

Konow kom inn i politikken som ein beundrar av Johan Sverdrup, men hos han som hos eit fleirtal i stortingsvenstre tapte førarglansen seg snart etter at Sverdrup hadde overteke statsroret. Konow kom meir og meir i opposisjon til statsministeren og vart ein av hans fremste kritikarar i saker som galdt åndsfridom og kultursyn. Særleg skarpt markerte han seg i striden om diktarløn til Alexander Kielland, der han med sin elitære liberalisme heva seg over “smaa, tilbagetrængte, svindende Meninger, tildels opblandede med Fordomme ude fra Yderkanterne i Landet”.

Da brotet mellom Sverdrup og dei “reine” vart fullbyrda 1888, stod Konow i første rekkje og fremja den interpellasjonen som innleidde det parlamentariske oppgjeret. Men partisplittinga førte til valtap for dei “reine”, og Konow var blant taparane. Det sette ein brå stopp for den rikspolitiske karrieren hans og etterlet seg sår som seint grodde. Han vende seg bort frå den store politikken og konsentrerte seg om sine private forretningar og lokalstyret i heimbygda.

Fleire freista å trekkje Konow inn att på riksarenaen. Johannes Steen baud han ein statsrådspost 1891, men fekk avslag. 1895 tok han mot oppnemning som medlem av den norsk-svenske unionskomiteen, men først 1897 let han seg på nytt velje til stortingsrepresentant. Han var odelstingspresident 1899, men spela elles ei heller anonym rolle på tinget og søkte velferdspermisjon siste året i perioden.

Konow fann seg lite til rette i den venstrepolitikken som tok form kring hundreårsskiftet med vekt på sosiale reformer. Han gleid meir og meir over i ei kritisk, opposisjonell holdning mot sitt gamle parti og plasserte seg politisk i Christian Michelsens liberale samling både før og etter 1905. Da striden om konsesjonslovene kvesste seg til og Venstre klovna 1908, stod han fram som frontfigur for det nyskipa Frisinna Venstre og vart vald til stortingsrepresentant 1909. Etter sterk medverknad frå hans nære ven Christian Michelsen vart Konow statsminister i den regjeringa som den sigrande koalisjonen av Høgre og Frisinna Venstre skipa 1910.

Å halde saman eit knapt stortingsfleirtal med sterke indre motsetningar og samtidig tilfredsstille Høgres forventningar om ei høgrevending i politikken, var meir enn Konow makta. Innan Høgre bygde det seg etter kvart opp eit misnøye med statsministeren, som i februar 1912 førte til regjeringskrise. Den utløysande faktoren var ein tale Konow heldt i Bondeungdomslaget, der han i varme ordelag vedkjende seg sin ungdoms kjærleik til målsaka, og som på høgrehald vart oppfatta som ein provokasjon. Høgre trekte seg ut av regjeringa, og etter ein mislykka freistnad på å rekonstruere ministeriet sitt gav Konow opp. Han stilte på nytt til val 1912, men tapte for ein venstremann. Dermed var Konow ute av norsk politikk. Han levde resten av livet sitt på Stend og døydde der 1924.

Konow vart tildelt storkorset av St. Olavs Orden 1910.

Verker

    Ikkje-publisert materiale

  • Manuskript nr. 926, UBB
  • brevsamling etter Wollert og Frigga Konow, p.e. (Stend, Bergen)

Kilder og litteratur

  • R. Birkeland: Wollert Konow (SB). Røter, miljø, ungdomsår,Bergen 1945
  • O. Garvik: Wollert Konow. Statsminister og stril,Bergen 2001
  • Lindstøl,1915
  • L. Mjeldheim: Ministeriet Konow 1910–1912. Ein studie i parlamentarisme og partipolitikk,1955
  • R. Thommesen: biografi i NBL1,bd. 7, 1936
  • G. W. Bruenech: Konow. Personalhistorie og Genealogi 1260–1936,1937

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Byste av Ambrosia Tønnesen, u.å.; ved det gamle kommunehuset, Nesttun, Bergen
  • Bauta av ukjent kunstnar, u.å.; Stend, Bergen