Faktaboks

Westye Egeberg
Westye Martinius Egeberg
Fødd
10. april 1805, Christiania (nå Oslo)
Død
26. desember 1898, Kristiania (nå Oslo)
Verke
Skogeigar og trelasthandlar
Familie

Foreldre: Grosserar Westye Egeberg (1770–1830) og Anna Sophie Muus (1775–1862).

Ugift.

Bror til Christian August Egeberg (1809–1874) og Fredrikke Sophie Egeberg (1815–1861).

Westye Egeberg

Westye Egeberg måla av Wilhelm Holter. Bymuseet Oslo. Bilde frå Norsk biografisk leksikon

Westye Egeberg
Av /※.

Westye Egeberg var ein av dei største trelasthandlarane og skogeigarane her i landet rundt midten av 1800-talet. Han var òg ein av pådrivarane for den første jernbanen i Noreg.

Egeberg gjekk tidleg inn i trelastbedrifta som faren, Westye Egeberg (1770–1830), hadde grunnlagt, og som sonen gjorde til ei storbedrift. Han var i 1837 medlem av Christianias første formannskap. Han hadde ein vesentleg andel i at Hovedbanen vart bygd.

Egeberg var svært kulturinteressert, og ga blant anna Christiania Theater eit pensjonsfond og støtta opprettinga av Nationaltheatret. I 1895 ga han 500 000 kroner til ein barneheim.

Han var bror til Christian August Egeberg.

Trelasthandel

Firmaet Westye Egeberg & Co. vart grunnlagt av faren i år 1800. Han var mellom dei som slo seg opp i trelasthandelen frå Christiania i høgkonjunkturen under napoleonskrigane. Den langvarige krisa etter 1814 feide unna storparten av det gamle «trelastaristokratiet», men ein del av dei nye overlevde og vart dominerande då tidene betra seg ut i 1830-åra.

Men gamle Westye Egeberg kom likevel opp i vanskar i 1820-åra. Firmaet måtte søkje moratorium, faren døydde i 1830, og sonen tok over leiinga stutt etter. Vegen fram for trelasthandelen var knytt til den franske marknaden, noko han greidde å utnytte. I 1842 fekk firmaet til og med kontrakt med den franske regjeringa, der skurlasta fekk ei ny form for kvalitetssortering.

Firmaet var frå først av konsentrert om sjølve handelen, kapitalen var ikkje bunden opp i produksjonsapparatet. Dette var ein viktig faktor i at «dei nye menn» kunne greie seg gjennom krisa, og at dei seinare kunne gå inn og kjøpe sagbruk til låg pris etter alle fallittane. Westye Egeberg den eldre hadde rett nok kjøpt 1/3 av det store Gansbruket ved Øyeren alt i 1811. Men i 1824 kjøpte han 1/3 til frå Carsten Tank, som var «på konkursens rand», og i 1836 kjøpte sonen den siste parten (begge gjekk for 13 500 spesidalar).

Tank måtte gi opp verksemda si i 1829, og mista mellom anna det største sagbruket i landet, Sanne og Soli. Dette gjekk til den fremste britiske kreditoren, George Warde Norman (1793–1882), som forpakta det bort. Men i 1835 gjekk Egeberg saman med fem andre «nye menn» om kjøp av bruket for 60 000 spesidalar (interessentskapet stod ved lag til 1897).

Både dette bruket og Gansbruket vart utvida og modernisert fram mot 1860. Men Egeberg følgde ikkje med i det store ombrotet som skjedde i takt med opphevinga av sagbruksprivilegia frå det året. Med dampsagene følgde ny lokalisering og effektivisering av produksjonen, men Egeberg heldt fram med vasskraft som energikjelde, rett nok med turbindrift på Gansbruket frå 1880.

På den andre sida var Egeberg tidleg ute med ein kraftig ekspansjon på råvaresida. Dei stigande konjunkturane i 1840-åra førte til press i tømmermarknaden. Skog vart ein knapp faktor. I 1846 kjøpte han Romedal allmenning for 22 000 spesidalar. Denne vart delt mellom Egeberg og bygdefolket i 1864, der firmaet fekk 80 000 mål. Skogkjøpa heldt fram, særleg i Solør, slik at arealet kom opp i 250 000 mål.

Ekspansjon i sagbruk og skog gav godt resultat, og kapitalen auka. Ved skattelikninga i 1842 vart formuen vurdert til 50 000 spesidalar, i 1870 hadde ho vakse til 370 000 spesidalar; firmaet avanserte frå nummer 17 til nummer 6 i storleik i landet.

Jernbanefinansiering

Den største offentlege innsatsen Egeberg gjorde, var knytta til trelastsektoren. Auka aktivitet hadde aktualisert det gamle problemet med transport av plankar til Christiania frå sagbruksområdet ved Øyeren og lenger nord. Like etter år 1800 planla skogeigarane ei løysing ved byggjing av kanal, men krigsutbrotet i 1807 sette bom for arbeidet. Med 1830-åra hadde det kome ei alternativ problemløysing – jernbanen. På eigen kostnad engasjerte Egeberg i 1844 ingeniørkaptein Johan Georg Ræder til å stikke ut ei line mellom Lillestrøm og Christiania, med kostnadsoverslag. Dermed tok ballen til å rulle, fram til Hovudbanen mellom Christiania og Eidsvoll stod ferdig ti år seinare.

Banen blei delvis privatfinansiert. Egeberg teikna aksjar for 6000 spesidalar, og blei den tredje største aksjeeigaren. Det same var han når det gjaldt køyrekostnader, med 10 000 spesidalar årleg (Meyer og Mathiesen var større). Dei hadde nytte av banen, men likevel var det heilt uvanleg at privatmenn nytta knapp kapital på denne måten.

Samfunnsengasjement

Egeberg vart i 1837 vald inn i det første formannskapet i Christiania, var overformyndar i 1847–1851 og rittmeister og sjef for borgargarden «Det gule Chor» i 1841–1846. Han var òg nederlandsk visekonsul i 1832–1855. Meir opplysande er det at han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1855; fram til 1860 var det berre to til av «næringslivets menn» som nådde så langt.

Westye Egeberg var ugift og barnlaus, og alt i 1851 måtte han dra seg ut av den daglege leiinga av firmaet grunna sjukdom; frå 1858 vart den yngre broren, Peder Cappelen Egeberg (1810–1874), medeigar. Men langt opp i åra var Westye Egeberg aktiv som filantrop og mesen; han gav mellom anna 500 000 kroner til ein barneheim som vart oppkalla etter han, og han teikna aksjar i det nye Nationaltheatret for 50 000 kroner.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Worm-Müller, Jacob S. (1922): Christiania og krisen efter Napoleonskrigene
  • Hammer, Simon Christian (1923): Kristianias historie, bind 4
  • Hammer, Simon Christian (1926): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 3
  • Opstad, Lauritz (1943): Sanne og Soli: Skandinavias største sagbruk

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg