Faktaboks

Regine Normann
Serine Regine «Sina» Normann
Fødd
29. juli 1867, Bø, Nordland
Død
14. august 1939, Steinsland i Skånland, Troms
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Lærer Mikkel Normann (1827–71) og Tina Amalie Lockert (1844–1933).

Gift 1) 1.1.1885 med lærer og kirkesanger Peder Martinus Johnsen (2.2.1846–7.4.1920), sønn av husmann John Alfsen (1810–57) og Mette Maria Pedersdatter (1817–79), ekteskapet oppløst 1905; 2) 24.3.1906 med forfatteren Tryggve Andersen (1866–1920), ekteskapet oppløst 1913.

Regine Normann

Regine Normann med nokre av dei første elevane sine i Bø i Vesterålen. Bilde frå Norsk biografisk leksikon

Regine Normann
Av /NTB Scanpix ※.

Regine Normann. Fotografi frå 1927.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Regine Normann var ein norsk lærar, forfattar og eventyrforteljar. Ho var den første kvinna med nordnorsk bakgrunn som vann anerkjenning i den nasjonale litteraturen. Ho debuterte 1905 med romanen Krabvaag. Skildringer fra et lidet fiskevær og ho blei raskt kjend som «Nordlandets Forfatterinde».

I 1894 reiste ho frå Vesterålen til Oslo, tok lærareksamen og praktiserte deretter som folkeskulelærar i byen til ho gjekk av med pensjon. Parallelt med lærargjerninga skreiv ho romanar, forteljingar, eventyr og segner.

Bakgrunn

Regine Normann var fødd i i Vesterålen. Livet hennar blei tidleg prega av omskiftingar. Faren døydde da ho var fire år, og mora sat igjen med fem små barn. Serine Regine blei satt bort til slektningar utanfor Harstad da ho var fem år. Ho flytta attende til slektningar i Bø 11 år gamal, men kom aldri meir til å bo saman med mor si, som hadde gift seg på nytt.

Da ho var 17 år, gifta ho seg med Peder Johnsen, en 21 år eldre lærar og klokkar i Bø. Ekteskapet blei ulykkeleg. Ho byrja imidlertid som vikarlærar og fekk ros for arbeidet. Det var i desse åra ho tok til å skrive.

Etter 10 års ekteskap forlot ho mannen og reiste sørover til Oslo for å skaffe seg utdanning. Ho avla lærarprøve ved Olaf Bergs høiere lærerindeskole i Kristiania 1897 og ble beskikka til lærerinne ved Kristiania folkeskole 1901. Arbeidsplassen hennar blei Sofienberg skole. Ekteskapet med Peder Johnsen ble oppløyst 1905. Året etter gifta ho seg med forfatteran Tryggve Andersen. Ho kom med i forfattermiljøet i Kristiania og ble 1906 medlem av Den norske Forfatterforening, der ho var styremedlem frå 1913 til 1932. Ho hadde nær kontakt med Sigrid Undset, Nini Roll Anker og Barbra Ring. Ekteskapet med Tryggve Andersen blei oppløyst i 1913.

Forfattarskap

Normann skreiv til saman 18 bøker, dei fleste med nordlandsk motivbakgrunn, formidla på riksmål, men med hyppige innslag av vesterålsk talemål.

Forfatterskapen kan delast i tre faser ut frå sjangertrekk og tematisk innhold. Den første fasen, 1905–1908, omfattar to realistiske samtidsromanar og ein samling forteljingar. I midtfasen, 1910–21, blei fem samtidsromanar og to historiske romanar publiserte, samt ei barnebok og eit skrift med patriotiske tekster til ungdommen. Sluttfasen, 1922–34, omfatter seks bøker med eventyr, sagn og fortellinger.

I byrjinga av forfattarskapen teiknar ho eit mørkt bilete av landskap og levekår, noko som braut med den idylliserande måten å skildre landsdelen på. Rundt 1920 blei den sosialrealistiske stilen erstatta med eventyr og tradisjonsstoff.

Ein gjennomgåande tematikk i forfatterskapet er knytt til tap – tap av foreldre, tap av kjæreste og tap av barn. I begynnerfasen av forfatterskapet er tapet direkte og sterkt fremstilt, i midtfasen med noe større distanse og i sluttfasens eventyrtekster er det abstrahert.

Nordlandets forfatterinde

Debutromanen Krabvaag (1905) er ein tragisk kjærleikshistorie omspunne av bilete av livet til kystfolket i nord, lag til attkjennelege stader på nordlandskysten. Kritikarane var begeistra og ho vart omtalt i eit 50-tals avise. Normann vart raskt kjend som «Nordlandets forfatterinde». Boka blei omsett til tysk i 1925.

1906 kom ein samling med forteljingar, Bortsat, der tittelforteljinga handlar om ei jente som er sett bort. Romanen Stængt (1908), der eit ulykkeleg ekteskap blir framstilt blei utgjeven to år seinare. Handlinga i bøkene er lagt til Nord-Norge. Denne delen av forfatterskapet har innholdsmessige likhetstrekk med Normanns eigen livshistorie.

Realistiske og historiske romanar

Dei neste to romanane Barnets tjenere (1910) og Faafengt (1911) er lagt til Kristiania. Dei tematiserar ei lærerinnes konflikt mellom yrkesliv og ekteskap. I dei seinare romanane hennar foregår handlingen nordpå. To historiske romaner kom 1912 og 1913, Dengang – og Eiler Hundevart, og i perioden 1915 til 1921 kom tre samtidsromanar, som alle tar opp kvinners stilling i ekteskap og samfunn samt religiøs problematikk: Riket som kommer (1915), Berit Ursin (1917) og Havørnens nabo (1921). Barneboka Min hvite gut (1922) viser ei djup forståing for barnesinnet.

Eventyr

I siste del av forfatterskapet forlot Regine Normann realismen og romanformatet og gikk over til fantastisk diktning og korte tekster. Med samlingene Eventyr (1925) og Nye Eventyr (1926) markerte hun seg som en stilsikker eventyrdikter. Oppveksten hadde gitt henne førstehands kjennskap til nordnorske forteljingar, og ho brukte den munnlege overleveringa som utgangspunkt for å dikte vidare. Samlingane er omsett til fleire språk.

To samlinger med nordlandssagn kom med Nordlandsnatt i 1927 og Det gråner mot høst i 1930. Den siste boka hennar Usynlig selskap i 1934 består av fortellinger. I 1967 vart eventyra gitt ut samla under tittelen Ringelihorn.

Lærar

Normann heldt fram at ho hadde to livsverk, ho var både forfattar og lærar. Læraryrket kravde mykje, men kvar sommar nytta ho til å skrive. Fram til oppnådd pensjonsalder 1932 arbeidde ho ved Sofienberg skole. Ho var ein elska og respektert lærar, viden kjend som eventyrforteljar på skulen så vel som på Deichmanske bibliotek.

Verv

Utmerkingar

  • ordenen Pegasus fra Forfatterforeningen 1928
  • Petter Dass-medaljen
  • Nordlændingernes Forenings æresmedalje 1932
  • Kongens fortjenstmedalje 1937.

I juni 1939 flytta hun fra Oslo til farsgarden på Steinsland i Skånland kommune. Hun blei ramma av hjerneblødning i starten av august og døydde på Steinsland kort etter.

Portretter

  • Maleri av Anders Svarstad, 1928; Portrettarkivet, RA
  • Maleri av Eivind Engebretsen, 1937; p.e

Utgivelser

Et utvalg

  • Krabvaag. Skildringer fra et lidet fiskevær, 1905
  • Bortsat, 1906
  • Stængt, 1908
  • Faafængt, 1911
  • Dengang –, 1912
  • Eiler Hundevart, 1913
  • Havørnens nabo, 1921
  • Eventyr, 1925
  • Nye eventyr, 1926
  • Nordlandsnat, 1927
  • Det graaner mot høst, 1930
  • Usynlig selskap, 1934
  • Ringelihorn og andre eventyr (samleutgave av Eventyr og Nye eventyr, illustrert av Kaare Espolin Johnson), 1967, 1972 og 1977
  • Se også H. H. Jensen og L. H. Willumsen: Regine Normann. En bibliografi, Tromsø 1995

Etterlatt materiale

  • Regine Normanns privatarkiv, UBTø
  • Aschehoug forlags arkiv, Oslo

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • K. Dannevig Haave: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • H. H. Jensen: «Nord-Norge i Regine Normanns diktning», i Edda nr. 3/1976
  • D. Skogheim: «Regine Normann – en opprører mot menneskelig fornedrelse», i K. Heggelund (red.): Forfatternes litteraturhistorie, bd. 2, 1980–81, s. 27–34
  • I. Engelstad: «Når virkeligheten blir fantastisk», i Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2, 1989, s. 31–39
  • L. Bliksrud: «Nyrealismen og det etiske imperativ», sst., s. 79–86
  • S. Gimnes: «Nyrealisme er nærrealisme. Kortprosa 1900–1940», sst. s. 40–49
  • R. Engelskjøn: «Dauinger i nattsol. Regine Normanns fortellinger fra Nordland», i Alberte. Skriftserie om kvinneforskning, Tromsø 1991, s. 112–136
  • H. H. Jensen og L. H. Willumsen: Regine Normann. En bibliografi, UBTøs skriftserie Ravnetrykk nr. 4, Tromsø 1995
  • A. Lorenz: «Nordlands mørke eventyr. Om Regine Normann», i Nordisk kvindelitteraturhistorie, bd. 3, København 1996, s. 208–211
  • L. H. Willumsen: Havmannens datter. Regine Normann – et livsløp, 1997
  • L. H. Willumsen: En narratologisk studie i Regine Normanns forfatterskap, dr.avh., Bergen 2002
  • L. H. Willumsen: «Fortellemåte og tematikk i Regine Normanns debutroman Krabvaag (1905)», i NLÅ 2003
  • Regine Normanns privatarkiv, UBTø
  • Willumsen, Liv Helene: Regine Normanns forfatterskap : fortellemåte og tematikk, 2005

Faktaboks

Regine Normann
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052445003423

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg