Faktaboks

Ole Rynning
Fødd
4. april 1809, Duusgaard i Ringsaker, Hedmark
Levetidskommentar
Død september 1838 (nøyaktig dato er ikkje kjend) i Beaver Creek, Illinois, USA
Verke
Utvandrarpioner
Familie
Foreldre: Sokneprest Jens Hveding Rynning (1778–1857; sjå NBL1, bd. 12) og Severine Catharina Steen (1786–1863). Ugift. Morbror til Bernt Julius Muus (1832–1900).

Ole Rynning var ein pioner i den norske utvandringa til Nord-Amerika. Boka han skreiv om Amerika fekk mykje å seie for seinare amerikafararar.

Rynning var presteson; faren var residerande kapellan i Ringsaker og seinare sokneprest i Snåsa. Sonen skulle ha studert teologi. Han oppheldt seg fire år i Christiania, der han kan ha blitt påverka av Wergeland; som diktaren var han demokrat og patriot. Etter at han hadde tatt andreeksamen 1833, reiste Rynning heim att til Snåsa og tok til som lærar på ein privat høgare skole. Han hadde planar om å kjøpe jord og dyrke myr, men han greidde ikkje å reise pengar, og planane gjekk over styr.

Våren 1837 utvandra Rynning over Bergen til Nord-Amerika om bord på barken Ægir. Kva som var grunnen til at han emigrerte, er uklart. Kanskje var det på grunn av ei truloving foreldra ikkje likte, kanskje var det fordi nydyrkingsplanane hans mislykkast, kanskje var det fordi han var ein opposisjonens mann som kom på kant med miljøet og samfunnsklassa han tilhøyrde.

Frå første stund var Rynning leiar for utvandringsfølgjet på Ægir. Han hjelpte utvandrarane på vegen inn gjennom Amerika. Han trøysta og oppmuntra dei da dei heldt på å miste motet i Chicago. Han var med på å ta ut land i Beaver Creek i Illinois, men dette synte seg å vere eit ulykkeleg val, eit sumpområde med mykje malaria. Nesten alle nybyggjarane døydde, og dei få som klarte seg, flykta i panikk. Men han hjelpte dei sjuke så mykje han kunne i denne ulykkelege tida. Rynning vart sjølv sjuk om hausten 1837, men kom seg att og vart frisk. Hausten 1838 vart han på ny sjuk og døydde til stor sorg for alle i settlementet.

Den vinteren han var sjuk, brukte han til å skrive den vesle boka som gjer at han fekk så viktig ein plass i norsk utvandringshistorie: Sandfærdig Beretning om Amerika til Oplysning og Nytte for Bonde og Menigmand. I 13 stutte kapittel på 38 små sider fortel han om forholda i Amerika, om storleiken på landet, jordbotn og klima, dei enklaste grunntrekka i historia og samfunnsforholda, religionsforhold og fattigvesen, helsestell og språk. Han fortel om dei norske settlementa, om prisar på jord, fe og nødvendige varer. Her fekk dei som tenkte på å utvandre, stutte og saklege opplysningar om alle desse forholda. Til slutt gir han råd og åtvaringar til alle som tenkte på å utvandre: “I Amerika får man intet uten arbeide.”

Det er påvist at Rynning også hadde med eit fjortande kapittel, med ei skildring av dei religiøse forholda i Noreg. Men dette kapitlet vart stroke i korrekturen av sokneprest Krag i Eidsvoll, fordi forfattaren skulda dei norske prestane for intoleranse og for manglande interesse for å fremje opplysning og sosiale reformar.

Manuskriptet til Rynnings bok vart ført attende til Noreg av ein annan kjent norsk utvandringsleiar, Ansten Nattestad. Boka vart utgitt i Christiania 1838, og ei litt retta ny utgave kom ut same stad 1839.

Boka til Rynning fekk svært stor betydning for den norske utvandringa til Amerika. Heftet gjekk på omgang mellom folk, og det vart fortalt at folk lærte å lese for sjølve å kunne studere boka. Rynnings realistiske, men samstundes optimistiske syn på det nye landet gjorde sterkt inntrykk over alt. Boka vart “Amerikaboka” framfor nokon annan og vart lesen og studert i store delar av landet.

Verker

  • Sandfærdig Beretning om Amerika til Oplysning og Nytte for Bonde og Menigmand. Forfattet af en Norsk, som kom derover i Juni Maaned 1837, 1838

Kilder og litteratur

  • T. C. Blegen: Ole Rynning's True Account of America, Minneapolis 1926
  • J. Worm-Müller: “Ole Rynning og emigrasjonen”, i Samtiden 1937, s. 525–532
  • I. Semmingsen: Veien mot vest, bd. 1, 1941
  • A. Kildal: biografi i NBL1, bd. 12, 1954