Faktaboks

Olav Nygard
Fødd
10. juli 1884, Krossen i Modalen, Vestland
Død
11. februar 1924, Ulsrud i Aker (no Oslo)
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Bonde Simon Larsson Nygard (1842–1930) og Brita Andersdotter Florvåg (1844–94).

Gift 31.12.1912 med Rakel Mathilde Tvedt (10.1.1889–13.11.1979), datter av bonde Sjur Hanssen Tvedt (f. 1849) og Bertha Karin Monsdotter (f. 1853).

Olav Nygard

Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Olav Nygard
Av /NTB Scanpix ※.

Olav Nygard var ein norsk lyrikar som skreiv særprega, billedrike og klangsterke dikt. Nygard blei lite påakta da dikta kom ut i mellomkrigstida, men han har sidan fått plass i litteraturhistoria som ein av dei store i norsk lyrikk.

Olav Nygard skreiv dikt på velklingande og original nynorsk. Dette er sentrallyrikk som handlar om dei store spørsmåla, om kjærleik, liding, død og æve, slekters gang og skapinga sjølv. Han står klart innanfor ein romantisk diktartradisjon. Han blir ikkje utan grunn kalla ein dødens diktar. I kontrast til dødstematikken står eit sterkt fokus på fruktbarheit, skaping og det livgivande. Desse to sidene inngår ofte i ein poetisk fruktbar dynamikk, til eksempel i det meste kjende diktet hans, «No reiser kvelden seg»

«Mi tid kjem nok,» sa Olav Nygard på dødsleiet. Samtida såg ikkje det ettertida har sett i diktinga hans, dei intense og personlege dødsdikta og den særprega naturlyrikken. Det som særleg appellerer til notida, er det modernistiske aspektet, metaperspektivet og den underleggjerande og originale språkkunsten. Olav Nygard-akademiet, som blei skipa i 2008, er eit uttrykk for den nyare interessa for forfattarskapen.

Bakgrunn

Nygard voks opp på gården Krossen i Modalen i Nordhordland, som nest yngst av 10 søsken. Han gjekk på Nordhordlands amtsskole 1903–1905 og var deretter, i to periodar, elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta, der han møtte Anton Aure og Anders Underdal. Han gjekk eit år i snikkarlære. I 1909 reiste han til Kristiania, blei kjend med Arne og Hulda Garborg og budde ei tid hos dei på Labråten i Asker. Han hadde dårleg økonomi og livnærte seg og familien på mange måtar, som snikkar, verftsarbeidar, bryggjeriarbeidar, bonde og småbrukar.

Han skreiv dikt og artiklar i Den 17de Mai, Morgenbladet og Gula Tidend og arbeidde med nynorsk teater. Han reiste på turné samen med Hulda Garborg og amatørgruppa Det Norske Spellaget.

Fleire gonger skifta han bustad for å sørge for familien og han eide og dreiv småbruk i Eksingedalen 1915–16, på Lindås 1916–18, på Horvei 1918–22 og på Ulsrud i Østre Aker (der dei har kalle opp ein veg etter han) 1922–24. Han fekk tuberkulose og døydde 40 år gammal.

Forfattarskapen

Debutboka Flodmaal kom ut på Olaf Norlis Forlag og fekk enkelte gode anmeldingar da han kom. Dei to neste bøkene, Runemaal og Kvæde blei utgivne av Gula Tidend i Bergen og blei ikkje lagt merke til av mange. Først med den siste boka si fekk Nygard oppmerksemd ut over ein mindre krets. I eit takkebrev til forfattaren skriv Arne Garborg: «Det er eit herlegt lite arbeid; høyrer til det beste og er, trur eg, det finaste, me hev av lyrikk på norsk.»

Olav Nygard er både ein gammaldags romantikar og ein tidleg modernist. Dei tidlege dikta uttrykkjer eit romantisk syn på diktet og diktaren, han ser seg kalla til ei stor og opphøgd gjerning. Seinare er han meir tvilande til den romantiske diktarrolla. I samlingane Flodmaal, 1913, og Runemaal, 1914, har han arbeidd seg fram til ei spørjande og meir moderne utforsking av forholdet mellom diktaren og diktet.

Dødsdikt

På dødslega skreiv han mange av dei finaste dikta, og samlinga Ved vebande, som kom ut i 1923, året før han døydde, er rekna for å vera den beste og mest originale. I denne samlinga, og i det etterlatne manuskriptet Nokre dikt, står det mange dødsdikt. Dei kan på tradisjonelt vis uttrykkje både angst for og lengt etter døden. Men dødsdikta hans er også originale poetiske framstillingar av spørsmåla kring sjukdom og død. Diktet «Eg andar hol i kvitan is på rute» er det mest kjende av desse.

Sterke besjelingar

I kontrast til dødsdikta står tekstar om skaping, fruktbarheit og livsprosessar. Det kjende antologidiktet «No reiser kvelden seg» priser allnatur, skaparkraft og gjenføding, naturens evige og gjenskapande syklus. Sterke og samstundes vare besjelingar, erotiske metaforar og velklingande rim løftar dette diktet opp på eit kosmisk nivå, i form så vel som innhald.

Olav Nygard er ein tidleg ekspresjonist i norsk lyrikk. Uttrykket hans er veldig og høgspent. Sjelstilstandar, irrasjonelle impulsar og sinnsstemningar er uttrykte i naturbilete som veks ut over det naturlege og får mystiske og trolske dimensjonar. Dette er i tråd med det vi på norsk kallar nyromantikk, og er eit drag frå den samtidige litterære ekspresjonismen ute i Europa.

Ordkunstnar

Nygards dikt er ofte blitt oppfattet som språklig vanskelige. Dette beror både på at han i store deler av forfatterskapet benyttet seg av gamle, «ukurante» ord, og på den utstrakte bruken av sammensatte ord og voldsomme språkbilder. Denne tendensen til vanskeliggjøring har vært betraktet som hans største svakhet som lyriker, men også som et mulig modernistisk trekk ved forfatterskapet.

Alle dikta hans er skrivne i tradisjonelle strofeformer. Han var særleg glad i oktaven, den italienske ottava rime-strofa, og bruker denne på meisterleg vis i dikt som til dømes «Eg andar hol i kvitan is på rute» og det posthumt utgitte «Til son min».

Nygard skreiv tradisjonell, og gjerne arkaisk, nynorsk, men var samtidig ein nyskapande ordkunstnar. Han sette dei gamle orda saman på nye måtar og fekk fram nye klangar og meiningar. Difor kan dikta hans verke vanskelege. Men slik skapte han også sitt eige klangsterke og vakre nynorske poesispråk.

Omsetjing

i samling omsette dikt av Robert Burns kom ut i 1923.

Portrett

  • Maleri (halvfigur) av Magnus Hardeland, u.å.; p.e., gjengitt i farger på omslaget til Dikt i samling, 1984

Utgivingar

  • Flodmaal, 1913
  • Runemaal, 1914
  • Kvæde, 1915
  • Ved vebande, 1923
  • Bibliografi i Vassenden 2002 (sjå avsnittet Litteratur)

Samleutgåver

  • Minneutgåve (1934) med føreord av Hulda Garborg i 1934.
  • Dikt i utval ( 1958) med føreord av Claes Gill

Materiale som ikkje er publisert

  • Ca. 80 brev fra Olav Nygard i Håndskriftsamlingen, Nasjonalbiblioteket

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aarnes, Asbjørn: Poesien hos Olav Nygard : et dikteralbum, 2004 («Olav Nygard En bibliografi»: 330-43)
  • Dale, Johs. A.: Olav Nygard, 1957
  • Greiff, Trygve: Olav Nygard : dikter og mystiker, 1959
  • Stegane, Idar med fleire: Olav Nygard : liv og dikting, 1997
  • Vassenden, Eirik: Skapelsens problem : lesninger i Olav Nygards lyrikk, 2002
  • Vassenden, Eirik: Innleiing i Dikt i utval, 2007

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg