Faktaboks

Martin Udbye
Martin Andreas Udbye
Fødd
18. juni 1820, Trondheim, Sør-Trøndelag
Død
10. januar 1889, Trondheim, gravlagt på Domkyrkjegarden der
Verke
Komponist og organist
Familie
Foreldre: Tollrorskar Ole Jonsen Udbye (el. Hansæl) (1785–1856) og Birgitte Øien (1781–1866). Gift 26.12.1844 i Trondheim med Oline (“Lina”) Melbye (11.9.1821–18.1.1909), dotter til skipsførar, seinare gardbrukar Halvor Olsen Melbye og hustru Martha.

Martin Udbye var kjend i samtida som komponist og skreiv m.a. den første norske operaen, men han heldt seg mest i heimlandet i motsetnad til tonemeistarar som rømde frå misunning og små forhold. Han var trufast mot bakgrunn og røter. Det er kanskje derfor han vart gløymd?

Udbye voks opp i Trondheim og var runnen av musikalsk ætt på både fars- og morssida. Foreldra kjøpte fiolin til sonen, og morbroren Hans Øien vart hans første læremeister i noter og fiolinspel. Han lærte også å spele cello og orgel. Han var skoleflink, og etter konfirmasjonen vart han huslærar, først hos ein handverkar i Verdalen og deretter hos soknepresten i Sparbu, Andreas Erlandsen, som gav ungguten lov og tid til å komponere ved sida av lærararbeidet. 1838 vart Udbye tilsett som lærar ved Domsognets folkeskole i Trondheim, og der arbeidde han til han 1844 vart organist i Hospitalkyrkja i byen. Same året gifta han seg og slo frå seg studiar i utlandet. Da trådde musikalske entusiastar til. Godseigarekteparet Gram på By ved Steinkjer baud han eit rentefritt lån på 300 spesidalar.

1851 gjekk turen til Leipzig, der Udbye konsentrerte seg om orgel og komposisjon. Han studerte Haydn, Mozart, Beethoven, Händel og Mendelsohn. Læraren i komposisjon, Mauritz Hauptmann, hadde vore elev av Mendelsohn; det kan merkast i ein strykekvartett som Udbye skreiv i denne tida. Udbye fekk attest på at han var ein “godt danna, teoretisk og praktisk dugeleg musikar” – ikkje minst på orgel. Året etter var han attende i fødebyen, der han vart tilsett som songlærar ved katedralskolen. Rektor Carl Müller gav han tid til å komponere. Mest gjenklang vekte det nasjonalromantiske Aasgaardsreien for solo, kor og orkester til Welhavens dikt.

Udbye ville skrive opera. Müller forfatta ein operatekst om Magnus Berrføtts dronning, den svenskfødte Margrete Ingesdotter, og Udbye kalte operaen Fredkulla etter dronninga sitt tilnamn. Delar av Noregs første opera vart oppførde i Trondheim 1858 og møtt med begeistring. Året etter skulle Fredkulla setjast opp i Christiania, men teateret vart nedlagt. 1877 var det igjen duka for premiere i hovudstaden. Medan Udbye sat på toget på Røros, høyrde han at ein brann ved teateret hadde sett stopp for framføringa. Operaen var gløymd inntil NRK rekonstruerte materialet og produserte ein konsertversjon i radio til hundreårsmarkeringa 1958. Først under tusenårsjubileet for Trondheim i januar 1997 vart Fredkulla oppførd for første gang i sin heilskap.

Udbye møtte også personleg motbør. Da organistposten ved domkyrkja i Trondheim vart ledig 1858, var byborgarane ikkje i tvil om kven som var mest verdig. Men Just Lindeman, bror til Ludvig Mathias, vart føretrekt av regjeringa. Avisene raste. Udbye mistenkte familien Lindeman for å ha misbrukt sin autoritet. Som plaster på såret fekk han eit reisestipend av Stortinget på 300 spesidalar, og kunstinteresserte trønderar skjenka eit liknande beløp. Pengane vart brukt til studietur til Berlin, Leipzig, Dresden, München og London.

Attende i Trondheim underviste Udbye på katedralskolen. Han skreiv marsjar og klassiske småstykke. Høgst ruver eit orkesterverk frå 1861, bygd over Christian Bloms Sønner av Norge. Det vart ikkje oppført, da teksten etter folks meining skulle innehalde skjulte “sigtelser” mot familien Lindeman. Større suksess hadde korkomposisjonane. Dette var i byrjinga av norske mannskors storleikstid. Udbye hausta laurbær og stor hyllest under songarfesten i Bergen 1863. Henrik Ibsen bad om musikk til ein romantisk opera, Fjeldfuglen, med emne frå sagnet om Jostedalsrypa. Men da Ibsen flytta til Roma, vart det ikkje meir av samarbeidet.

1869 fekk Udbye stillinga som organist i Vår Frue kyrkje i Trondheim. Skapartrongen var sterk. Fleire komposisjonar vart oppførde i stiftsstaden, m.a. Kantate ved Videnskabernes Selskabs Mindefest for Kong Karl XV og den vakre Islændinger i Norge.

Udbye sat i komiteen som 1876 skulle vurdere Lindemans melodiutkast til Landstads salmebok. Han hadde opplevd den livsglade haugianske salmesongen i farens heimbygd Tynset og gjekk med glød inn for jublande melodiar. Men han kom i mindretal i komiteen.

Til landssongarfesten i Trondheim 1883 skreiv Udbye kantaten Trøndernes Farvel. Storverket vart møtt med ovasjonar frå 5000 tilhøyrarar. Den gamle komponist og heidersmann var synleg rørt. 1885 vart han sjuk og laut trekkje seg frå lærar- og organistarbeidet. 1888 presenterte han songen Ensomme Stridsmænd med ein sår undertone, og 10. januar året etter døydde han.

Verker

    Komposisjonar (eit utval)

  • Strykekvartett nr. 1, op. 1, 1852, nr. 2, op. 6, 1855, nr. 3, op. 7, 1855
  • En Løverdagskveld, syngespel, op. 12, 1856
  • Aasgaardsreien for solo, mannskor og orkester (tekst: J. S. Welhaven), op. 11, 1856
  • Fredkulla, opera (libretto: Carl A. Müller), op. 16, 1858
  • Lumpacivagabundus, orkesterfantasi (over m.a. Sønner av Norge), op. 23, 1861
  • Hjemve, syngespel, op. 29, 1862 (oppført på Christiania Theater 1864)
  • Junkeren og Flubergrosen, syngespel (tekst: H. Ørn Blom), op. 35, 1867 (oppført på Christiania Theater 1870)
  • Sønnetabet (Sonatorrek) for sangsolo og orkester, op. 44, 1872
  • Kantate ved Videnskabernes Selskabs Mindefest for Kong Karl XV, op. 43, 1872
  • Islændinger i Norge, syngespel (tekst: J. Brun), op. 45, 1873
  • Trøndernes Farvel til de bortdragende Gjæster, kantate, op. 46, 1883
  • Ensomme Stridsmænd, song, 1888

    Anna

  • Trestemmig Sangbog. 166 Sange udsatte for lige Stemmer til Brug for Skoler og Sangforeninger, Trondheim 1867

    Etterlatne papir

  • Brev og komposisjonar i DKNVS' bibliotek, Trondheim

Kilder og litteratur

  • K. Norum: Mindeblad fra Sangerfesten i Trondhjem 1883, Trondheim 1883
  • NFL, bd. 6, 1908
  • C. Thaulow: Personalhistorie for Trondhjems By og Omegn, Trondheim 1910, s. 659–668
  • O. M. Sandvik og G. Schjelderup: Norges musikhistorie, bd. 2, 1922, s. 1–5
  • I. Kindem: Den norske operas historie, 1941, s. 38–39 o.fl.st.
  • O. Øisang: Teater i Trondheim gjennom 125 år, Trondheim 1941
  • T. E. Wisth: “Komponisten M. A. Udbye og det musikalske miljø i Trondhjem omkring 1850”, i Trondhjemske Samlinger, rk. 3, bd. 2, hf. 4, 1967, s. 304–318
  • A. Hegre: M. A. Udbyes strykekvartetter, h.oppg. UiO, 1973
  • H. M. Græsvold: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • K. Lange: biografi i CML, bd. 6, 1980

Portretter m.m.

  • Byste (bronse) av Jens Munthe Svendsen, 1907; på Udbyes grav, Domkyrkjegarden, Trondheim