Faktaboks

Jens Holmboe
Fødd
1752, Lesja
Døpt
5. november 1752
Død
4. desember 1804, Trondenes (no Harstad), Troms
Levetidskommentar
nøyaktig fødselsdato ukjend
Verke
Embetsmann
Familie

Foreldre: Proprietær og verkseigar Hans Holmboe (1721–1756) og Birgitte Marie Ziegler (1723–1778; ho gift 2) 1757 med Paul Holst Irgens, 1725–1784).

Gift 7.8.1783 med Anna Margrethe Irgens (2.4.1766–17.10.1851), dotter til sokneprest Johannes Irgens (1723–1782) og Anna Margrethe Borchgrevink (1727–1798).

Far til Hans Holmboe (1798–1868); farfar til Jens Holmboe (1821–1891) og Conrad Holmboe (1828–1923).

Brorson til Otto Holmboe (1710–1773).

Jens Holmboe
Jens Holmboe
Av /Sør-Troms museum 𝒲.

Jens Holmboe var ein norsk embetsmann, fogd i Senja og Tromsø i åra 1781–1800. Som fogd organiserte han nyryddinga av og innvandringa til Målselv og Bardu.

Ein bautastein over han blei avduka i Ervik i Harstad i 1964.

Bakgrunn

Holmboe var fødd på Lesjaverk, som far hans hadde teke over frå svigerfar sin. Faren døydde då Jens var berre fire år gamal, og mora gifta seg opp att med direktøren på Folldals kopparverk, Paul Holst Irgens. Jens Holmboe tok dansk juridisk eksamen i 1776 og blei immatrikulert ved universitetet i København i 1777, men han tok aldri latinsk juridisk eksamen. Før han reiste til København, hadde han i eit års tid (1773–1774) vore fullmektig hos amtmann Even Hammer i Molde, og deretter var han skrivar i Finanskollegiet i København i åra 1775–1781. Under opphaldet sitt i København var han medlem i Det Norske Selskab, men det er ikkje kjent om han spela noka aktiv rolle der.

Fogd

Holmboe blei utnemnd til fogd i Senjen og Tromsø fogderi i 1781. Alt da Holmboe kom nordover i 1781, fekk han høyre om dei store skogsområda på innlandet, og i 1783 reiste han på befaring til Bardu med ein svensk flyttsame som vegvisar. Dette blei ei svært viktig oppleving for Holmboe; han følte at han hadde oppdaga nytt land, ein ny provins som han ville vere med på å utvikle. To år seinare, i 1785, gjorde han ei ny og lengre reise til Bardu og Målselv. Etter dette tok han kontakt med Rentekammeret i København; han fortalde om «oppdaginga» si og meinte at dette «nye» området kunne bli til eit nytt kyrkjesokn.

I 1785 kjøpte han garden Ervik i Trondenes, der han budde resten av livet. Denne garden dreiv han og kona fram til eit mønsterbruk.

Parallelt med at han var i kontakt med styresmaktene i København, fekk Holmboe nyrydningsfolk til å setje i gang med å rydde jord. Som den entreprenøren han var, tok han seg delvis til rette utan godkjenning frå styresmaktene, og han hjelpte dei første bureisarane økonomisk. Interessant nok var dei første nybyggjarane nordlendingar, først og fremst helgelendingar, trass i at Holmboe sjølv meinte at nyrydningsmennene burde komme frå Sør-Noreg, for nordlendingane hadde ikkje hug til anna enn å drive fiske.

Det var først etter 1790 at innvandringa frå Østerdalen og Gudbrandsdalen tok til, etter at Holmboe i åra 1791–1800 hjalp ca. 40 familiar som hadde mista gård og grunn i Storofsen i 1789, med utstyr og kreditt, så dei kunne rydde land i Målselv og Bardu.

I 1800 blei Holmboe dømd frå embetet som fogd på grunn av uorden i rekneskapa.

Frå 1787 og til han døydde var han misjonskasserar for heile Nord-Noreg.

Holmboe døydde på Ervik i 1804. Han har ei vidt forgreina slekt etter seg i Nord-Noreg.

Betydning og ettermæle

Holmboe var ein typisk representant for opplysningstida – initiativrik, optimistisk og levande oppteken av alle slags praktiske tiltak, anten det galdt landbruk, fiskeri eller teknologi generelt. Den ideologiske bakgrunnen hans var utvilsamt den generelle interessa i samtida for rasjonelt drive jordbruk. Han bygde på teoriar som framheva jordbruket som primærnæring og grunnlag for anna næringsverksemd. Dette representerer starten på det vi kan kalle moderne agrarvitskap. Det er truleg òg rett å vurdere Holmboe mot eit førromantisk bakteppe, der Rousseaus attende-til-naturen-ideologi er eit sentralt islett i vevnaden. I 1801 fekk han gullmedalje frå Det kgl. danske Landhuusholdningsselskab for arbeidet sitt med å utvikle jordbruket.

Jens Holmboe har i ettertida fått hovudæra for norsk busetnad i Målselv og Bardu. At området representerte viktige flyttvegar for svenske reindriftssamar som brukte kystområda i Nord-Noreg til sommarbeite, har først i dei seinare åra fått feste i historieskrivinga frå dette området. Holmboe og hans samtid hadde ikkje blikk for dei konsekvensane nyrydningsverksemda hadde for samane og reindrifta.

Utgivelser

  • Tale til Beboerne i Bardu-Colonie i Tromsens og Senjens Fogderier, Trondheim 1801

Avbildningar

Kunstnarlege portrett

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bull, Tove: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Coldevin, Axel: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 6, 1934
  • Ehrencron-Müller, Holger: biografi i Forfatterlexikon omfattende Danmark, Norge og Island indtil 1814, bind 4, 1927
  • Holmboe, Gabriel F.: Slekten Holmboe, 1944
  • Kiil, Alf: Målselv bygdebok, bind 1, Målselv 1982

Faktaboks

Jens Holmboe
Historisk befolkingsregister-ID
pf01058493000063

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg