Faktaboks

Ivar Kleiven
Ivar Jakobsson Kleiven
Fødd
10. juli 1854, Vågå, Oppland
Død
19. februar 1934, Vågå
Verke
Bygdehistorikar, tradisjonsamlar og folkeopplysningsmann
Familie
Foreldre: Gardbrukar Jakob Ivarsson Snerle (seinare Kleiven) (1803–84) og Brit Knutsdotter Svarvarhaugen (1824–1916). Ugift.

Ivar Kleivens bøker om Gudbrandsdalen er levande kulturhistorie og lokalhistorie med ei vitskapleg forankring. Han såg på den lokale kulturen som eit middel til folkeopplysning og utnytta tradisjon og eigne minne som viktige element. Hans evne som forteljar med vågåmålet som reiskap gjer delar av produksjonen hans til høgverdig litteratur.

Ivar Jakobsson voks opp på den vesle garden Kleiven (Søre Kleivi) i Ottadalen. Faren hadde tidlegare drive som fiskar, skyttar og fehandlar og skal ha vore ein ypparleg forteljar. Ivar tok over heimegarden etter faren, men sleit med økonomien, og som tilleggsnæring starta han 1893 sommarpensjonat på Kleivsetra, med mora som hjelpar. Pensjonatdrifta heldt fram til ca. 1910. Då hadde han kvitta seg med garden og teke permanent opphald på Kleivsetra, der han og mora vart buande resten av livet.

1884 stifta Ivar Kleiven Ottadalens Samtalelag, som seinare vart Lalm ungdomslag, og to år seinare gjekk han i gang med eigen kveldsskule. Då hadde han hatt eitt år på Seljord folkehøgskule (1885–86), der Viggo Ullmann var styrar. Det vart ei mogningstid. For Kleiven vart det eit mål å få elevane til å bli trygge på sin eigen kulturbakgrunn. Han kom med i heradsstyret, der han sat frå 1888 til 1905, frå 1892 som formann i skulestyret. 1900–03 var han varamann til Stortinget for Venstre. Men det var skrive han ville, så han let politikken fare.

Kleiven starta tidleg med småstykke i vekeblad for born og ungdom, skrivne på “skulemål” eller dansk-norsk. Omsnunaden kom 1879 med to segner frå Vågå, prenta i Fedraheimen. Her nytta han vågåmål, og frå no av var det bygdemålet han reindyrka som skriftnorm. Ein av dei som drog store vekslar på Kleivens innsikt og kunnskapar, var Steinar Schjøtt, som i mange år var sommargjest på Kleivsetra medan han arbeidde med si dansk-norske ordbok. Også Alexander Seippel søkte hjelp hjå Kleiven i si bibelomsetjing.

Det var folketradisjon frå heimbygda som var emnet i den første boka Kleiven fekk utgjeve, Segner fraa Vaagaa (1894). Ein tanke hadde no teke form: Han ville skrive eit verk om den gamle bondekulturen i Gudbrandsdalen. 1908 fekk han utgjeve to bøker, I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa og I Heimegrendi. Minne fraa Seksti-Aarom – den første skriven på bygdemål, den andre på normalisert nynorsk. Den gamle bondekulturen var nærast uskipla i Vågå i 1860-åra, og Ivar Kleiven gjennomlevde dei mange endringane som etter kvart skulle kome til å omforme bygdesamfunnet heilt. På ein meistarleg måte skildrar han korleis han som gut opplevde denne tida. I Heimegrendi er kultursoge på sitt beste. Bøkene Elvesøg og Frå barndomen, som først vart gjevne ut etter hans død, supplerer minna frå barneåra.

1908 fekk Ivar Kleiven det første offentlege tilskotet til skrivearbeidet sitt, 800 kroner frå Stortinget. Nye tilskot kom til, han vart økonomisk fri, og det utløyste rekkja av bygdebøker som starta med Lom og Skjaak 1916 og vart avslutta med Fronsbygdin 1930, alle under samletittelen Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen og skrivne på bygdemål. Svekka helse gjorde at han måtte gje seg. Han var langt på veg med dei to synste bygdene i dalen, Øyer og Fåberg, men måtte la det uferdige arbeidet liggje. Han rakk diverre heller ikkje å setje krona på verket med eit avsluttande band om Vågå.

Kleivens bygdebøker er bygde opp etter eit fast mønster. På ein suveren måte byggjer han inn det lokale tradisjons- og minnestoffet og kombinerer det med arkivtilfang; slik blir det samanheng, og slik får kvar bok sitt lokale særpreg. I dag blir det stilt andre krav til lokalhistoriske framstellingar, og den eine gudbrandsdalsbygda etter den andre får nyskrivne bygdebøker. Men det særeigne i den gamle bondekulturen som Kleiven har formidla i bøkene sine, taper aldri sin verdi.

Som tradisjons- og minnesamlar fell det naturleg å halde Ivar Kleiven opp mot Johannes Skar og hans verk Gamalt or Sætesdal, som kom noko i forkant og samtidig med Gamal Bondekultur. Dei to har mykje felles: begge var frå Gudbrandsdalen, og begge skreiv på bygdemål. Men det var ingen direkte kontakt, og det er heller ikkje råd å finne påverknad den eine eller andre vegen. “So stor er eg no ikkje,” svara Ivar Kleiven sjølv då ein festtalar sidestilte han med Skar. I dag vil vi seie at dei begge var store.

Verker

  • Bibliografi av G. Harildstad i Artiklar av Ivar Kleiven, Vågåmo 1991, s. 288–307
  • Segner fraa Vaagaa, 1894
  • I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa, 1908
  • I Heimegrendi. Minne fraa Seksti-Aarom, 1908 (2. utg. 1949)
  • Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, 1915–30 (Lom og Skjaak, 1915, Lesja og Dovre, 1923, Østre og Vestre Gausdal, 1926, Ringbu, 1928, Fronsbygdin, 1930)

    Posthumt

  • Frå skotteåre, Lillehammer 1935
  • Elvesøg, Lillehammer 1937
  • Artiklar av Ivar Kleiven, Vågåmo 1991
  • Frå barndomen, Lillehammer 1993
  • Brev til Decorah-Posten, utg. ved G. Harildstad, Lillehammer 1994

    Etterlatne papir

  • Materiale (brev og notat) i Norddalsarkivet, Vågå

Kilder og litteratur

  • C. Berner: biografi i NBL1, bd. 7, 1936
  • H. G. Forfang: Ivar Kleiven 1854–1934, 1945
  • O. Svare: “Ivar Kleiven”, i Årbok for Dølaringen 1934, Lillehammer 1934, s. 4–17
  • A. Bjørkum: “Målbruken åt Ivar Kleiven i artiklane hans”, i Artiklar av Ivar Kleiven, Vågåmo 1991, s. 224–287
  • fleire av arbeida til Ivar Kleiven (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • opplysningar frå familien

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (Ivar Kleiven, mora og hunden Finn på Kleivsetra) av Kristen Holbø, 1915; p.e.; utsnitt i H. G. Forfang 1945 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder)
  • Teikning (tusj/kolstrek) av Thomas Holtan, 1921; Vågåmo skule, Vågå
  • Måleri av Knut Ljøsne, 1936; Lalm skule, Vågå
  • Måleri av Kristen Holbø, u.å.; p.e
  • Teikning av ukjend kunstnar, u.å.; Vågåmo skule

    Fotografiske portrett

  • Fleire fotografi i Norddalsarkivet, Vågå; brukte i H. G. Forfangs biografi og i 2. utg. av I Heimegrendi, 1949