Faktaboks

Inger Alver Gløersen

Inger Alver

Fødd
15. mai 1892, Fåberg, Lillehammer
Død
2. mars 1982, Borre, Vestfold
Verke
Forfattar og småbrukar
Familie

Foreldre: Adjunkt Johan Ludvig Alver (1848–97) og Isabella Vibe (1870–1937; ho gift 2) 1897 med Sigurd Høst, 1866–1939).

Gift 1919 med skogbrukskandidat Toralf (el. Thorolf) Gløersen (31.7.1884–1959), son til kontorsjef Christen Dahl Gløersen (1846–1907) og Michaeline Louise Fridrichsen (f. 1849 el. 1850), ekteskapet oppløyst.

Brordotter til Amalie Skram (1846–1905); sonedotters dotter til Frederik Ludvig Vibe (1803–81).

Inger Alver Gløersen

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Inger Alver Gløersen
Av /NTB Scanpix ※.

Inger Alver Gløersen var ein norsk kunstformidlar og sakprosaforfattar. Med ei rekkje bøker om kunstnarar, og særleg den svært personleg bok om Edvard Munch, fekk ho mange lesarar frå 1950-åra. Ho skreiv jamleg artiklar og kåseri i mellom anna kvinnebladet Urd. Ved sida av arbeidet som skribent var ho òg småbrukar.

Bakgrunn

Dei første barneåra budde Inger Alver i Kongsberg og Kristiania. Faren døydde då Inger var fem år gammal. Mora gifte seg om att med filologen Sigurd Høst, og tre år etter flytte familien til Bergen. Stefaren var forutan pedagog ein framståande kunstkjennar og mangeårig formann i Bergens Kunstforening. Kunstnarar som Inger Alver fekk møte mens ho var barn, vekte ei livslang interesse hos henne for kunst og kunstnarar.

Inger Alver tok middelskoleeksamen i Bergen og studerte deretter engelsk i Oxford. I 1919 gifte ho seg i Canada med forstmannen Toralf Gløersen, som same året hadde emigrert dit. I 1920 fekk dei ein son, Gløer Gløersen. Etter nokre år reiste Inger med sonen tilbake til Noreg. Ho overtok den vesle garden Glenne i Borre i Vestfold, der ho budde saman med sonen. Ektemannen flytte også tilbake til Noreg, men dei budde ikkje saman.

Forfattarskapen

Det var først etter ho fylte 60 år at Gløersen begynte å utgi bøker. I 1954 kom ei bok om Nikolai Astrup, og to år etter kom boka om Edvard Munch, Den Munch jeg møtte, som ho er mest kjend for. Boka vart trykt i fleire utgåver og opplag, og ei engelsk utgåve vart utgitt etter forfattarens død. Gløersen ser Munch i lys av eigne opplevingar og stefarens engasjement for Munch og kunsten hans. Ho utgav også ei bok om Munch-huset i Åsgårdstrand, Lykkehuset, og ei om målaren Ludvig Ravensberg, som var i slekt med Munch. Bøkene er skrivne på grunnlag av personlege minne om kunstnarane, i tillegg til brev og gamle notat. Ho var dessutan skribent i Urd og andre blad, til dømes Frisprog, og omsette som ung ei bok frå engelsk.

Enda faren døydde medan ho var lita, må Inger ha kjend seg knytt til farsslekta. Det går fram av boka ho i eldre år gav ut om systera til faren, Amalie Skram (Min faster Amalie Skram, 1965). Halve boka er via historia om faren og foreldra hans, fortald med grunnlag i farens dagbøker og forfattarens minne om farmora. Boka vitnar om kor viktig det har vore med ein slektsbasert identitet knytt til ein biologisk far, også når ei kvinne har gjort slekta kjend.

Anna engasjement

Gløersen omtala seg sjølv som småbrukar. Garden hadde berre 42 dekar dyrka mark og 10 dekar produktiv skog, i tillegg til fjøs med kyr og hest. I bygninga skal alle vegger ha vore dekte av kunst, i følgje folk som kjende henne. Her dreiv ho gardsarbeid i samarbeid med sonen.

Frå Glenne var det ikkje langt til Edvard Munchs hus i Åsgårdstrand. Gløersen, og sidan sonen, vart engasjerte av kommunen for å drive dette huset da det frå 1947 vart kommunalt museum.

Utgivelser

  • Nikolai Astrup, 1954 (2. utg. 1967)
  • Den Munch jeg møtte, 1956 (2. utg. 1962, engelsk utg. Munch as I knew him, Hellerup 1994)
  • Mefisto i djævelklubben. Boken om maleren Ravensberg, 1958
  • Min faster Amalie Skram, 1965
  • Lykkehuset. Edvard Munch og Åsgårdstrand, 1970
  • omsett G. A. Birmingham: Spanske dukater, 1915

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder og litteratur

  • Brev i Handskriftsaml., NBO
  • Norske landbrukskandidaters årbok 15, 1931
  • E. Lillevold (red.): Borre bygdebok, Borre 1954

Faktaboks

Inger Alver Gløersen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036708002302

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg