Faktaboks

Halvor Vreim
Fødd
12. august 1894, Bø, Telemark
Død
6. februar 1966, Oslo
Verke
Arkitekt og kulturhistorikar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Gunnar Helgeson Vreim (1874–1952) og Anne Jonsdotter Li (1872–1962). Gift 20.9.1930 i Oslo med Anna Bonli (f. 2.4.1899), datter av kjøpmann, kaptein Ove Evensen Bonli (f. 1858) og Gjertrud Dahl (f. 1858).

Halvor Vreim vigde heile sitt yrkesaktive liv til stell av vår gamle bygningsmasse, særleg gamle trehus.

Vreims veg fram til utdanning var noko uvanleg: Han tok til som handverkar; med sveineprøva i tømrarfaget ved Oslo elementærtekniske dagskole var han godt kjend med bruk av tømmermannsverktøy. Ut frå ein praktisk bakgrunn gjorde han seg kjend med også teoretiske og historiske sider av faget.

1921 vart Vreim tilsett som amanuensis ved Norsk Folkemuseum. Der fekk han m.a. ansvar for tilflytting og oppsetting av bygningar i friluftsmuseet. Til arbeidet høyrde å dokumentere objektet med oppmåling, foto, protokollføring o.a. På ferder målte han opp også andre bygningar, og han vart stendig betre kjend med norsk byggjeskikk. Virket hans, med teiknearbeidet, utgreiingar for byggjearbeid o.l., svara meir og meir til det som kan reknast vera allment arkitektarbeid, og 1936 vart han medlem i Norske Arkitekters Landsforbund.

Året etter gjekk han over til ei stilling som antikvar ved Riksantikvariatet (no Riksantikvaren). Der heldt han mykje godt fram med same slags arbeid. Men i staden for å flytte hus, låg vekta no på stell av antikvarisk verdfulle hus ståande på opphavleg tuft. Vreim vart førsteantikvar 1948 og stod i denne stillinga til han nådde aldersgrensa 1964.

Som ein sideverknad av arbeidet leverte Vreim ei rad med monografiar over einskildbygningar, prenta i årbøker o.l. Større artiklar er frå stell av grupper av slike hus, som t.d. Buer og naust. Spiren til våre eldste byer, Pleien av et bybillede (om Røros), Kjerringøy handelssted, Nordre Husan i Alvdal og Lade i Trondheim.

Eit særleg arbeid var å sanka tilfang om stølshus for Instituttet for sammenlignende Kulturforskning. Arbeidet munna ut i eit manus med foto og teikningar. Det kom diverre ikkje til rettes etter at Vreim gjekk bort. Ei anna rad artiklar handlar om bygningsdelar og andre særemne, som t.d. Trekk fra byggeskikkens geografi i Norge. Sjølv om fleire av konklusjonane byggjer på intuisjon, har det ved seinare prøver vist seg at dei grenselinene Vreim hadde drege opp, høver bra. Han skreiv òg fleire artiklar for samleverket Nordisk Kultur. Eit par emne kravde større rom og har kome i bokform, med titlar som Norwegian decorative art to-day, Norsk trearkitektur og Laftehus.

Vreims ekspertise kom òg til nytte på andre måtar. Han var sekretær for Den antikvariske bygningsnemnd frå 1937 og rådgjevar for Norske Museers Landsforbund, og han leverte utbyggingsplanar for fleire av dei norske friluftsmusea. Han var styremedlem i Bøndenes Bygningskontor og frå 1949 Statens distriktsarkitekt for Hallingdal. 1963 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Verker

    Eit utval

  • Tun og gårdsplass, i FMF Årbok 1929, s. 1–40
  • Buer og naust. Spiren til våre eldste byer, i FMF Årbok 1933, 1933, s. 3–26
  • En stavløe. Et bidrag til belysning av vore gamle stavhus, i Norsk folkekultur 1933, s. 1–15
  • Trekk fra byggeskikkens geografi i Norge, i FMF Årbok 1936–37, 1937, s. 33–64
  • Norwegian decorative art to-day, 1937
  • Norsk trearkitektur, 1939 (2. utg. 1947)
  • Laftehus. Tømring og torvtekking, 1940 (5. utg. 1966; engelsk utg. Log buildings, Quebec 1980)
  • Pleien av et bybillede. Gater og hus på Røros, i FMF Årbok 1944, 1944, s. 73–104
  • Norsk byggekunst i middelalderen, i Nordisk kultur, bd. 17, Stockholm 1952, s. 348–370
  • Kjerringøy handelssted. Et sentrum for nordnorsk næringsdrift, i FMF Årbok 1955, 1956, s. 13–26
  • Nordre Husan i Alvdal. Landets best bevarte tun reddet, i FMF Årbok 1958, 1958, s. 97–104
  • Lade i Trondheim og glimt av andre storgårdsanlegg i Trøndelag, i FMF Årbok 1964,1964, s. 3–54

Kilder og litteratur

  • R. Kjellberg: Et halvt århundre. Norsk Folkemuseum 1894–1944, 1954
  • HEH 1964
  • R. Hauglid: “Halvor Vreim”, i FMF Årbok 1966–67, 1967, s. 10–12
  • A. Berg: “Studiet av byggjeskikken etter Eilert Sundt, særleg om Gisle Midttun og Halvor Vreim”, i Dugnad nr. 3–4/1981, s. 25–32