Faktaboks

Hallkjell Krøkedans
Hallkell Krøkedans, Hallkjell Krokedans, Hallkjell Ogmundsson, Hallkjell Agmundsson
Død
1287, Isegran, Fredrikstad
Levetidskommentar
fødselsår og fødestad er ukjende
Verke
Baron og høvedsmann
Familie

Foreldre: Lendmann og syslemann Ogmund Krøkedans; mora er ukjend.

Hallkjell Krøkedans var ein norsk stormann i mellomalderen. Han var medlem av formyndarstyret for kong Eirik Magnusson etter Magnus Lagabøtes død i 1280. Hallkjell stod sentralt i formyndarstyrets antikyrkjelege politikk i førstninga av 1280-åra og vart bannlyst av erkebiskop Jon Raude.

Frå 1286 var Hallkjell hertug Håkons (senere kong Håkon 5.) høvedsmann på kongsgarden i Oslo. Under Alv Erlingssons opprør mot Håkon året etter vart Hallkjell fanga og drepen på Alvs borg Isegran ved utløpet av Glomma.

Medlem av formyndarstyret

Hallkjell Ogmundsson kom med i rådsregjeringa (formyndarstyret eller baronstyret) etter kongeskiftet i 1280, då Eirik Magnusson vart konge. Eirik var knapt 12 år gamal, difor hadde rådsregjeringa styret dei første åra. Hausten 1280 spela Hallkjell ei leiande rolle i forsøket på å skattleggje kyrkjegods i Nidaros bispedøme. Saman med to andre aktivistar vart han innkalla til erkebiskop Jon Raude, der han i oktober 1280 fekk ei kraftig åtvaring mot å krenke kyrkjas gods og eigedomar.

Hallkjell var blant gjestene da kong Eirik Magnusson og prinsesse Margrete gifte seg i Bergen ettersommaren 1281. Hallkjell var da blitt bannlyst for si antikyrkjelege framferd, og ifølgje den islandske biskop Arnes saga truga erkebiskopen med å forlate gjestebodet dersom ikkje Hallkel vart vist bort.

Utsendingsferd til Tyskland

Hausten 1283 dro Hallkjell som rådets utsending til den tyske kongen Rudolf av Habsburg. I juni same året hadde nordtyske fyrstar og handelsbyar skipa eit forbund, som seinare gjennomførte handelsblokade mot Noreg. Situasjonen var altså svært spent, og sendeferda tilsvarande høgt prioritert i riksstyrets søraustvende utanrikspolitikk. Den diplomatiske misjonen til Tyskland vitnar såleis om ei sterk og høgt profilert stilling for Hallkjell Ogmundsson i krinsen kring kong Eirik.

Vi har ingen kunnskap om dei tingingane han førte i Tyskland, men ei brevveksling mellom rådmennene i Lübeck og Stralsund vinteren 1283–1284 syner at dei tyske klagemåla mot norske overgrep hadde tilteke i styrke. Den meir imøtekomande haldninga riksstyringa i Noreg synte overfor tyske krav i eit brev frå mars 1284, byggjer truleg på situasjonsrapportar og råd frå Hallkjell. Enno i juni–juli 1284 oppheldt han seg i Rostock, men vende straks etter heimatt til Noreg.

Høvedsmann i Oslo

I eit brev datert 29. august 1285, utferda av hertug Håkon Magnusson, er Hallkjell titulert som hertugens borgherre (castellanus) eller høvedsmann i Oslo, og han får instruks om å ta vennleg imot alle tyske kjøpmenn som kjem dit. I dette brevet understrekar hertug Håkon at han aldri hadde hatt nokon del i den tidlegare striden mellom nordmenn og tyskarar, og det er naturleg å tolke dette som kritisk skepsis mot den tysklandspolitikken kong Eirik og hans rådsregjering hadde ført. Truleg har Hallkjell Ogmundsson vore eksponent for denne kritikken etter sin heimkomst frå Tyskland, noko som skapte grunnlag for eit tettare politisk samvirke med hertugen. Frå 1285 framstår han som hertug Håkons fremste embetsmann og rådgivar.

Hertug Håkons haldningar i tysklandspolitikken skapte eit motsetningsforhald til Alv Erlingsson, som gjennom fleire år dreiv ein aggressiv kapertrafikk i danske og tyske farvatn. Da Alv gjorde opprør i 1287, vart derfor Hallkjell Ogmundsson som hertugens høvedsmann på Akershus festning eit naturleg angrepsmål. Hallkjell vart teken til fange, sperra inne på Isegran og drepen der same året.

Personlegdom og slekt

Både i si konge- og hertugteneste nytte Hallkjell stor tillit. Eit vitnemål om hans nære tilknytning til kong Eirik gir biskop Arnes saga i beretninga om islendingen Lopt Helgesson, som gav Hallkjell 500 alnar vadmål for å tale hans sak for kongen.

Det har vore gissa på at Hallkjell og ætta hans hadde basis i Skiensområdet, der bygarden Danzen er nemnt på 1400-talet, mellom anna som sete for lagmannsstemnet. Dette er likevel usikkert.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Biskupa sögur, bind 3, i Íslenzk Fornrit, bind 17, utgitt av G. Á. Grimsdottir, Reykjavík 1998
  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Bull, Edvard d.e.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 5, 1931
  • Helle, Knut: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • Islandske Annalar
  • Keyser, Rudolf: Norges Historie, 1870
  • Munch, Peter Andreas: Det norske folks historie, del 4, bind 1–2, 1858–1859
  • Regesta Norvegica, bind 2
  • Storm, Gustav: «Om Lendermandsklassens Talrighed i 12. og 13. Aarhundrede», i Historisk tidsskrift, rekke 2, bind 4, 1884

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg