Faktaboks

Eyvind Skeie
Fødd
5. november 1947, Bergen
Verke
Prest og forfattar
Familie
Foreldre: Sokneprest Arne Skeie (1913–89) og Karen Marie Mjelde (1915–80). Gift 1969 med Gerd Rasmussen (31.8.1946–), dotter til lagerekspeditør Harald Rasmussen (1916–95) og Magnhild Aase (1909–). Svoger til Kjell Magne Bondevik (1947–).
Eyvind Skeie
Eyvind Skeie
Av /NTB Scanpix ※.

Eyvind Skeie har skrive eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar. Han har skrive barnebøker, skodespel, meditasjonar og revytekstar og har vore tekstforfattar bak fjernsynsproduksjonar for barn som Portveien 2 og Sesam stasjon. Han vil kanskje i særleg grad bli hugsa for sine nyskapande bidrag til den norske salmetradisjonen.

Skeie voks opp i Bergen, tok examen artium ved Bergen katedralskole 1967 og begynte å studere teologi ved Menighetsfakultetet same året. Han vart teologisk kandidat 1972 og tok praktisk-teologisk eksamen og vart ordinert til presteteneste våren 1974.

Etter eit år som vernepliktig feltprest var Skeie residerande kapellan i Grønnåsen i Tromsø i fire år frå 1975. Han var redaktør for avisa Vår Kirke frå 1979 og har arbeidd i Kirkens Bymisjon i Oslo. Dei siste 20 åra har Skeie vore forfattar på heiltid.

Eyvind Skeie er nestformann i NOPA, foreininga for norske populærautorar til tekst og musikk. Han har vore styreleiar i Tekstforfatterfondet i over 10 år.

Skeie har skrive tekstar i eit mangfald av sjangrar – forteljingar, songar, salmar, musikalar, kyrkjespel og manuskript for fjernsyn. Ut frå målgruppe kan dei ulike tekstane sorterast i tre kategoriar, tekstar retta mot barn og ungdom, kyrkjeleg brukspoesi og faglege bøker som formidlar teologi og livshjelp i det offentlege rom.

Eyvind Skeie har skrive mange manuskript til fjernsynsproduksjonar for barn. Dei mest kjende seriane er Portveien 2 og Sesam Stasjon. Til desse populære seriane skreiv han fleire songar som seinare har levd sitt eige liv, t.d. Morgendagens søsken og adventsongen Tenn lys! Han har skrive læreverk for grunnskolen, utgitt Min kirkebok og konfirmantbøker og fleire frittståande barnebøker. Den mest kjende er Sommerlandet, som handlar om eit barns død.

Skeie har utgitt fleire bøker som dreier seg om livshjelp, t.d. Dyrebare døgn og Lev kreativt. Han har også omsett Markusevangeliet frå gresk.

Til kyrkjeleg bruk har Skeie skrive kyrkjespel, meditasjonstekstar, liturgiar og mange salmar. Han framstår som ein av dei viktigaste fornyarane av salmesjangeren i nordisk samanheng. Salmetekstane er mangfaldige både når det gjeld skrivemåte og tematikk. Det er likevel mogleg å dele dei i tre hovudgrupper. For det første salmar med eit enkelt språk, som er godt eigna i familiegudstenester. For det andre det ein kan kalle kraftsalmar eller lovsongar av full hals, t.d. Du er Guds sønn, den sterke. Den tredje gruppe salmar set ord på erfaringar av avmakt og liding, dei er salmar frå nullpunktet, lågmælte bøner om hjelp og styrke “i all vår svakhet”, “i all vår usseldom”. I samsvar med dette er inkarnasjonsunderet, lidinga og framtidshåpet om ein ny himmel og ei ny jord tematiske tyngdepunkt i salmane.

Eit spennande trekk ved Skeies tekstproduksjon er energiutvekslinga mellom dei ulike skrivemåtane og sjangrane. Tekstar som har alle barn i ein fleirreligiøs samanheng som målgruppe, har blitt eller har danna utgangspunkt for ein ny type kyrkjelege brukstekstar. Tenn lys! har t.d. blitt ein viktig adventsalme i den nye salmeboka. Den eigenarta teksten Jesu 7 fødsler frå 2002, som er ei bok det ikkje er lett å sjangerfeste og setje på rett plass i bokhylla, kan nettopp lesast som eit resultat av ei slik energiutveksling. Boka er samtidig livshjelp til menneske i ein fleirreligiøs samanheng, enkle tekstar om menneskeleg erfaring av avmakt og styrke og visjonære meditasjonar djupt forankra i ein universell Jesus-mystikk. Dei ulike tekstane vever det lågmælte og det høgstemte saman på overraskande måtar: “Den som søker Gud i det dype, / skal finne Gud i det høye. // Den som leter etter Gud i dypet, / skal møte Gud i høyden.”

Verker

    Eit utval

  • Jeremia. Et kirkespill, 1982
  • Solens folk. 30 vandringer mot lyset, 1983
  • Visst skal våren komme. Sanger om håp, 1984
  • Sommerlandet. En fortelling om håp, 1985
  • Barnas kirkebok, 1986
  • Ariella, 1988
  • Den hemmelige prinsen, 1991
  • Et år med Ring. Kirkebok for barn, 1995
  • overs. Markus forteller, 1996
  • Lev kreativt. Syv faser i din personlige utvikling, 1996
  • Dyrebare døgn. Vandring i sorgens landskap, 1996
  • Å, denne kilde. Utvalgte salmer og sanger, 1997
  • Nå er den hellige time. Dikt til de tre kristne høytider, 2002
  • Jesu 7 fødsler, 2002

Kilder og litteratur

  • Skaperdrømmer. Studiehefte til seks salmer i Norsk salmebok, (Skeie intervjuet av M. Rein Bore, etterskrift av O. Skjevesland), 1990
  • Å. Haavik: “En gang skal alt fornyes”, etterord i E. Skeie: Å denne kilde, 1997, s. 229–246