Faktaboks

Carl Berner
Carl Christian Berner
Fødd
20. november 1841, Christiania
Død
25. mai 1918, Kristiania
Verke
Politikar og embetsmann
Familie
Foreldre: Stiftsoverrettsassessor Oluf Steen Julius Berner (1809–55) og Marie Louise Falkenberg (1816–41). Gift 14.7.1868 med Olivia Mathilde Jacobine Berner (7.5.1841–11.5.1919), dotter til garvermeister Jørgen Haslef Berner (1811–92) og Jørgine Smith (1808–87). Far til arkitektane Jørgen Haslef Berner (1873–1955) og Carl Berner (1877–1943).

Carl Berner var Venstre-politikar frå 1880-åra til 1909. Som stortingspresident i 1905 personifiserte han det nasjonale samhaldet og fekk ry som brubyggjar i politikken.

Carl Berner vart tidleg foreldrelaus. Mora døydde tre veker etter at han var fødd, stemora då han var åtte år og faren då Carl var knapt 14. Sidan budde han ei tid i Larvik hos familien til mora og tok studenteksamen der 1859. Deretter følgde realfagstudium ved universitetet i Christiania, men utan at han fullførte nokon eksamen. I staden utnytta han kunnskapane sine som lærar ved eit par høgare skolar, og han tok aktivt del i studentpolitisk arbeid, m.a. som formann i Studentersamfundet 1867–68. I denne tida høyrde han til ein krins av nasjonal-demokratiske opposisjonelle, blant dei Ernst Sars, A. O. Vinje og H. E. Berner.

Etter eit studieopphald i utlandet vart han 1874 utnemnd til direktør for den nye tekniske skolen i Bergen, ei stilling han hadde til 1891. I Bergen kom han snart med i det offentlege liv og var m.a. medlem i byens formannskap og representantskap. Han engasjerte seg også på Venstres side i den partipolitiske striden tidleg i 1880-åra, og vart 1885 kåra til stortingsrepresentant frå byen. Frå då av var Stortinget Carl Berners arbeidsplass heilt til 1909, med unntak for perioden 1892–94 da han som statsråd ikkje var valbar. Han representerte Bergen fram til 1903 og Sarpsborg dei to siste periodane. 1899 vart han utnemnd til embetet som stempelpapirforvaltar.

Alt i sin andre stortingsperiode (1889–91) vart Carl Berner vald til parlamentarisk leiar for det “reine” Venstre. Partiet trong ein “vikar” for den eigentlege leiaren, Johannes Steen, som hadde falle gjennom ved valet 1888. Carl Berner syntest vel skikka til oppgåva. Han hadde merkt seg ut som ein dyktig parlamentarikar, men samtidig hadde han halde ein låg profil under det skismaet som hadde kløyvt partiet, og var framleis på talefot med dei utskilde moderate. Carl Berner kunne gå inn i rolla som brubyggjar, ei rolle som følgde han gjennom heile hans parlamentariske liv.

Carl Berner viste sine taktiske evner då han berga Venstre ut av det traumatiske forholdet til Johan Sverdrup, som dei “reine” korkje hadde tillit til eller lyst til å fella med Høgres hjelp. Då Høgre stilte mistillitsframlegg 1889, sette Berner så harde vilkår for å stø eit rekonstruert Sverdrup-ministerium at kongen valde å gje regjeringa avskil og overlata styret til høgreleiaren Emil Stang.

Men Carl Berners namn er særleg knytt til regjeringskrisa to år seinare. Den “Bernerske dagsorden” som han la fram og som Stortinget vedtok 23. februar 1891, vart ein merkestein både i norsk unionspolitikk og i parlamentarismens historie. Vedtaket sette indirekte kravet om eigen norsk utanriksminister på den politiske saklista, og avviste alle unionelle ordningar som kunne stå i vegen for det. Dagsordenen var retta mot ei semje som Emil Stangs regjering hadde fått i stand med svenskane, og hadde ei form som provoserte Stang til å stilla kabinettspørsmål på saka. For første gong vart ei parlamentarisk regjering felt med ei votering i Stortinget.

Berner var ikkje opphavsmannen til den nye unionspolitiske kursen som vedtaket varsla. Den var staka ut på Venstres landsmøte ein månad tidlegare. Han var heller ikkje eineforfattar til ordlyden i framlegget. Innsatsen hans låg i den endelege redaksjonen, som var eit meisterstykke i politisk formuleringskunst og som tilfredsstilte både ulike meiningsgrupper i Venstre og dei moderate.

I den regjeringa Johannes Steen skipa etter Stangs avgang, fungerte Carl Berner først som medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, sidan som sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Som departementssjef etterlet han seg eit lite positivt omdømme; han fekk ikkje sakene unna. Det var i Stortinget Carl Berners evner kom til sin rett.

Som statsråd 1891–93 og frå 1895 på nytt som stortingsrepresentant stod han konsekvent på den unionspolitiske lina som var trekt opp i den “Bernerske dagsorden”: Eigen norsk utanriksminister var eit framtidsmål, men ikkje eit dagsaktuelt krav. Eige norsk konsulatvesen derimot såg Berner som “en ypperlig Sag at berede Slag paa”, men ho måtte ikkje blandast saman med utanriksministerspørsmålet. I januar 1903 stadfeste Stortinget dette standpunktet i ein ny “Bernersk dagsorden” før sluttfasen av dei norsk-svenske forhandlingane om konsulatsaka.

Som stortingspresident (1898–1909) og ordførar for den spesialkomiteen som i 1905 førebudde einsidig norsk aksjon i konsulatsaka, spela Carl Berner ei sentral rolle under avviklinga av unionen. Høgdepunktet i hans politiske karriere kom 7. juni då han frå presidentplassen proklamerte unionen som oppløyst. Også i 1905 var oppgåva hans å finna samlande formlar som kunne tåla sakleg, logisk og juridisk prøving. Andre skreiv utkasta til innstillingar og vedtak, Berner granska og redigerte dei. Særleg nært var samarbeidet mellom han og statsminister Chr. Michelsen.

Carl Berner var parlamentarisk leiar for Venstre i fleire periodar. Innanfor Venstres partiorganisasjon derimot hadde han ingen framskoten plass før han vart formann 1903. Venstre var då i ein trengd posisjon med fare for utbrot særleg på høgrefløyen. Med sin moderate profil i sosialpolitikken og forhandlingsvilje i unionskonflikten syntest Carl Berner veleigna til å døyva uroa i partiet. Men Berners stilling som partiførar vart lite anna enn ein formalitet. Han viste korkje evne eller vilje til å ta leiinga i den store og splitta venstregruppa etter valet 1906. Trongen hans til å søkja kompromiss med Chr. Michelsens regjering isolerte han frå det fleirtalet i partiet som etter kvart følgde Gunnar Knudsens opposisjonelle kurs. Han vart likevel ståande i det “konsoliderte” Venstre etter den formelle splittinga 1908, men som partiformann var tida hans ute. Gunnar Knudsen overtok roret i Venstre. Ved valet 1909 stilte Berner som venstrekandidat i Nedre Romerike krins, men tapte og trekte seg ut av det politiske livet.

Det var meir som klok ordførar enn som viljefast leiar Carl Berner sette spor etter seg i norsk politikk. Han vann ein posisjon i fremste rekkje “ikke fordi han hadde de idéer som rak længst eller den herskerevne som bøiet de andre viljer ind under sig, men fordi han som ingen anden forstod at finde den fuldgyldige og taktfulde form for det situationen krævet” (Keilhau 1918). Det munnlege foredraget var hans styrke: den konsise sakutgreiinga, den logiske argumentasjonen, “den kvasst-klippende dialektiske kunst” (Stang 1946). Men når han skulle forma noko skriftleg, t.d. som ordførar for spesialkomiteen i 1905, var han så seinfør og omstendeleg at han hadde vanskar med å bli ferdig (jf. Castberg 1953, Hagerup Bull 1955). Carl Berner fekk ry som brubyggjar mellom skilde meiningar både i eige parti og på tvers av partiskilja. Som “7. juni-president” personifiserte han det nasjonale samhaldet i 1905, men forsøka hans på å byggja bruer også i det barskare klimaet etterpå vart hans politiske bane.

Også utanfor Stortinget hadde Carl Berner ei rekkje ombod. Han var m.a. medlem i styret for Nansenfondet, i Stortingets nobelkomite og i styret for Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. Han var den første formannen i Nordmannsforbundet.

Carl Berner vart tildelt fleire ordnar og medaljar: storkrossen av St. Olavs Orden, storkrossen av Dannebrogordenen, storkrossen av den franske Æreslegionen, 7. juni-medaljen og kroningsmedaljen.

Han er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.

Verker

    Etterlatne skrifter

  • Carl Berners arkiv er oppbevart i RA (privatarkiv nr. 209)

Kilder og litteratur

  • Carl Berners arkiv, sjå ovanfor (Etterlatne skrifter)
  • W. Keilhau: “Carl Berner”, i Samtiden, 1918
  • J. Løvland: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • F. Stang: Erindringer fra min politiske tid, 1946
  • J. Castberg: Dagbøker 1900–1917, bd. 1, 1953
  • Statsråd Edvard Hagerup Bulls dagbøker fra 1905, 1955
  • R. Danielsen: Det Norske Storting gjennom 150 år, bd. 2, 1964
  • T. Nordby: Venstre og samlingspolitikken, 1983
  • Berner. En norsk slekt i 300 år, utg. av Slektsforeningen Berner, 1984
  • L. Mjeldheim: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905, Bergen/Oslo 1984

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (heilfigur) av Christian Krohg, 1905; Stortinget, Oslo