Faktaboks

Astri Frisak
Fødd
28. oktober 1883, Ålesund, Møre og Romsdal
Død
5. mai 1978, Frogn (Drøbak), Akershus
Verke
Frøavlsekspert og politikar
Familie
Foreldre: Sakførar, seinare høgsterettsassessor Henrik Leganger Frisak (1852–1939) og Betty Laura Width Fyhn (1858–1944). Ugift. Brordotter til Kristiane Katrine Frisak (1847–1906); versyster til Hans Backer Fürst (1877–1945).

Astri Frisak var ekspert på avl av hagebruksfrø og avdelingssjef ved Statens frøkontroll. Ho var politisk aktiv til ho fylte 80 år og var ein dugande skribent og ikkje minst flink som kåsør.

Frisak tok examen artium i Ålesund 1904. 1909 og først på året 1910 var ho i gartnerilære i Kristiania. Deretter arbeidde ho tre år i frøfirma i Danmark. Målet var å skipe frøfirma i Noreg. Det vart det ikkje noko av, men ho tok hagebruksutdanning, først ved Sem landbruksskole 1913–15 og deretter Norges landbrukshøgskole i Ås 1915–17. 1917–19 var ho Hirschfond-stipendiat ved NLH med hagefrøavl som spesialfelt. I trekvart år var ho så frøavlskonsulent i Norsk Frø A/S. Der måtte ho slutte fordi firmaet hevda dei ikkje lenger hadde råd til å løne eigen konsulent, men ei medverkande årsak var at ho ikkje ville akseptere omfattande overtidsarbeid utan ekstra løn.

1920–23 var Frisak høgskolestipendiat i frøavl ved NLH. Der gjennomførte ho ei vitskapleg gransking av samanheng mellom ytre karakterar og spireevne hos frø. Etter eit par år ved Statens frøkontroll reiste ho 1927 til USA og arbeidde ved ulike frøkontrollstasjonar og det kjende Boyce Thompson Institute. Ho har sjølv hevda at mykje av det ho kunne om frø og frøkontroll, hadde ho lært i desse fire åra i USA. 1931 vart ho avdelingssjef ved Statens frøkontroll i Ås og var der med på å byggje opp ein institusjon i sterk vekst. Ho pensjonerte seg 1948, 65 år gamal.

Astri Frisak likte å reise, var omgjengeleg og kom lett i kontakt med andre. Som frø- og frøavlsekspert hadde ho god kontakt med kollegaer i Europa. Ho fekk fleire reisestipend og var såleis 1924 tre månader ved det kjende landbruksuniversitetet i Wageningen, Nederland.

1921 vart det utlyst ei fondfinansiert oppgåve om å skrive ei lærebok i frøavl. Premien vart delt mellom Astri Frisak og ein annan, men den andre fekk i tillegg 1000 kroner for å få boka trykt. Eit argument mot manuskriptet til Astri Frisak var at det var skrive for større forhold enn det norske. Boka Frøavl av grønnsaker og rotvekster vart først gitt ut 1943, då behovet for norskavla frø var svært stort. Det første manuskriptet var trykt utan omfattande omskriving. Boka kom i nytt opplag 1945 og er framleis eit standardverk.

Frøavl av sommerblomster, som kom ut 1951, var det sjølvsagt endå vanskelegare å få trykt. Astri Frisak skreiv òg mange artiklar i fagtidsskrifta om frøavl og frøkontroll, og saman med tre andre skreiv ho ei vanleg hagebok. Den siste boka ho skreiv, Plantene i Bibelen, kom ut med støtte frå Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd 1969. Boka, som er fagleg grundig, lærerik og morosam både for bibellesarar, botanikarar og kulturhistorisk interesserte, vart til etter nokre kåseri ho heldt i NRK i byrjinga av 1960-åra.

I det mannsdominerte studentmiljøet i Ås gjorde Astri Frisak seg sterkt gjeldande, og 1922 vart ho den første kvinnelege formannen i Studentsamfunnet i Ås. Fram til 1970 var ho framleis den einaste. Interessa for organisasjonsarbeid kom også fram ved at ho fekk skipa Hagebrukarlaget ved NLH 1917.

Astri Frisak var tidleg klar over faren med nazismen i Tyskland. Ho var med i Kvinneligaen for fred og frihet, og frå 1934 heldt ho foredrag og var med på appellar om hjelp til jødiske flyktningar. Etter ein tur i Tyskland 1939 sende ho ein kritisk artikkel om Hitler-Tyskland til Aftenposten, men av omsyn til vener i Tyskland ville ho vere anonym. Artikkelen kom ikkje inn, for med dei synspunkta ho hadde, måtte det skrivast under fullt namn. 17. mai 1943 plasserte ho små norske flagg i ei blomsterpotte i eit vindauge. Det vart rapportert av ein frontkjempar, og resulterte i bot. I retten hevda ho at mannen måtte ha vore spesielt interessert i vindauga hennar, for det var frukttre mot vegen som skjerma mot innsyn. Ein professor ved NLH kunne vitne at frukttrea i Ås hadde fått lauv til 17. mai.

1939 fekk Frisak liv i Ås venstrelag, og ho var formann der i 12 år og seinare i Drøbak. Ho sat i kommunestyret både i Ås og i Drøbak. Ho var aktiv også på landsplan og var fleire gonger på foredragsturné for Venstrekvinnene og var styremedlem i Norsk kvinnesaksforening. Som pensjonist var ho medlem av Foreningen Norden og reiste i fleire år rundt i landet med lysbiletforedrag om Island og Færøyane.

Verker

  • Korrelasjon mellem frøets ytre præg og dets spirings- og plantefrembringelsesevne, i Meldinger NLH, 1923
  • Hagebok for villaeiere (sm.m. O. Moen, J. Smith og H. B. Fürst), 1942
  • Frøavl av grønnsaker og rotvekster, 1943 og 1945
  • Frøavl av sommerblomster, 1951
  • Plantene i Bibelen med legender, myter og sagn, 1969

Kilder og litteratur

  • B. Karlgård og B. Ljones: Ås-studenter i hundre år. 1864–1964, Vollebekk 1964
  • L. Røed: Ås-bygda rundt, bd. 3, Ås 1997, s. 52–53
  • arkivboksar med materiale etter Astri Frisak i Lokalhistorisk arkiv, Ås