Faktaboks

Administrasjonssenter
Skei
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
5 849 (2022)
Landareal
1 315 km²
Høgaste fjell
Snota (1669 moh.)
Innbyggjarnamn
surndaling
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Surnadal kommune i Møre og Romsdal
Surnadal kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Surnadal kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Surnadal

Surnadal. Utsikt over Surnadalsøra. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Surnadal er ein kommuneNordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg på austsida av Halsafjorden og dei indre delane Trongfjorden og Stangvikfjorden. Surnadal omfattar dei austgåande armane av fjorden med dalane innanfor. Desse er Bøfjorden og Åsskardfjorden, Hamnesfjorden med Bøverdalen, Surnadalsfjorden med Surnadalen og Todalsfjorden med Todalen. I sør omfattar Surnadal dei nordaustre delane av Trollheimen.

Surnadal blei oppretta som kommune i 1837, då det lokale sjølvstyret blei innført. Frå kommunen blei Rindal skilt ut og oppretta som eigen kommune i 1858. I siste halvdel av 1800-talet hadde Surnadal fire mindre grensejusteringar mot Stangvik, tre gjaldt utvidingar (1877, 1886 og 1891) og éi gjaldt avståing av eit område (1870). I 1965 blei Surnadal slått saman med Åsskard og med sokna Stangvik og Todal frå tidlegare Stangvik kommune.

Surnadal grensar i nord til Heim i Trøndelag, i aust til Rindal, i søraust til Oppdal i Trøndelag, i sørvest til Sunndal og Tingvoll.

Natur

Langs Surnadalsfjorden og Surnadalen innanfor går eit belte sørvest–nordaust av omdanna bergartar, dels opphavleg sedimentære (mellom anna fyllitt, glimmerskifer og kalk), dels vulkanske (mellom anna grønstein). Retninga på dette beltet er eit resultat av den kaledonske fjellkjedefaldinga (kaledonske orogenese). Berggrunnen både nord og sør for dette er av grunnfjellsalder, men er likevel prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga. I desse områda består berggrunnen hovudsakleg av gneis, likeins djupbergartar som granitt.

I granittområdet i den sørlege delen av kommunen ligg Trollheimen med ei rekkje toppar med høgder 1200–1600 meter over havet. Blant desse er Snota (1669 moh.), som er det høgaste fjellet i kommunen. Heilt i sør går den tronge, bratte Todalen søraustover frå botnen av Todalsfjorden. Nord for Trollheimen går den breie og opne Surnadalen austover frå Surnadalsfjorden. Her renn elva Surna med sideelvane Rinda, Bølu, Folda og Vindøla, som alle kjem frå Trollheimen i sør. I gneisområdet nord for og parallelt med Surnadalen ligg Bøverdalen med elva Bøvra, som renn ut i botnen av Hamnesfjorden.

Surna er ei kjend lakseelv og har størst årleg fangst blant elvane i fylket (3600 kilo i 2014). Det aller meste av dette er laks.

Busetjing

Hovudtyngda av busetjinga ligg i Surnadalen. Sør for utløpet av Surna ligg Surnadalsøra, som har vakse saman med Skei litt lenger oppe i dalen til ein samanhengande tettstad (Skei-Surnadalsøra) med 2488 innbyggjarar (2015). Den andre tettstaden i kommunen, Glærem, ligg på nordsida av Surnadalsfjorden. I alt bor 46 prosent av innbyggarane i Surnadal i tettstader, mot 71 prosent i fylket samla sett (2015)

Den spreidde busetjinga i kommunen finn ein langs fjordsidene, særleg ved fjordbotnane, på Eidet mellom Surnadalsøra og Kvanne ved Stangvikfjorden, og i stadvis i dalane innanfor fjordbotnane, framfor alt i Surnadalen aust for kommunesenteret.

Etter krigen heldt folketalet i Surnadal (med dagens grenser) seg relativt stabilt fram til sist på 1970-talet. Deretter følgde ein viss vekst fram til midt på 1990-talet. Sidan har folketalet stort sett gått tilbake, i tiårsperioden 2005–2015 med gjennomsnittleg 0,3 prosent årleg i Surnadal, mot ein vekst på 0,3 prosent for Nordmøre og 0,8 prosent i heile fylket.

Kart over Surnadal kommune
Kart over Surnadal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Surnadal er ei god jord- og skogbruksbygd, og primærnæringane omfattar ti prosent av arbeidsplassane i kommunen, mot fire prosent i fylket samla sett. Særleg i hovuddalføret er det god jordbruksjord med store bruk og hovudvekt på husdyrhald og korndyrking. Surnadal har klart størst kornareal og storfehald blant kommunane i fylket. Det er også ein del sauehald og noko hønsehald i kommunen. Årleg skogavverking var 32 644 m³ i 2015, som var største i fylket dette året.

Industrien omfattar 14 prosent av arbeidsplassane i Surnadal, 23 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning (2014), mot høvesvis 18 og 27 prosent i fylket samla sett. Dei viktigaste industribransjane i Surnadal er gummi-, plast- og mineralsk industri og trelast- og trevareindustri, begge med 38 prosent av dei tilsette i industrien (2013). Andre bransjar er verkstad-, møbel- og næringsmiddelindustri med høvesvis elleve, ni og tre prosent av dei tilsette i industrien i kommunen (2013). Det blir elles drive ei mindre kalksteingruve i kommunen.

I kommunen er det ein heil del turisttrafikk, og det blir halde fleire festivalar i løpet av sommaren, mellom anna Vårsøgfestivalen i mai/juni og Norsk Laksefestival rundt midtsommar.

Surnadal er ein stor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1132 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 13 kraftverk i kommunen, og den største fallhøgda er 91 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Trollheim kraftverk (i drift frå 1968) og Svorka kraftverk (1963).

Av yrkesaktive som er busette i Surnadal, har 21 prosent arbeid utanfor kommunen, elleve prosent i dei andre kommunane på Nordmøre, fire prosent i Sunndal og to prosent i Trondheim.

Samferdsel

Fylkesveg 65 går ned Surnadalen frå Orkdal og deler seg ved Skei. Nordvestover går vegen vidare til Betna på E39 i Halsa, der det går veg- og ferjesamband vidare til Kristiansund. Sørvestover frå Skei går fylkesveg 670 vidare med veg- og ferjesamband mot Sunndal.

Historikk og kultur

Litografi frå 1800-talet med motiv frå Surnadal med hammarsmie langs fossen.
/Foto: Mats Linder.

I Svinvika på nordsida av Todalsfjorden ligg Svinviks arboret. Arboretet er eigd av kommunen, men blir drive av Nordmøre museum. Det har ei omfattande samling av rododendron og bartre, likeins ein frukthage og ei staudesamling. På Todalsøra er det ei samling omkring den klassiske teikneserien om Vangsgutane. Surnadal bygdemuseum, også det drive i regi av Nordmøre museum, ligg på Åsen gard sør for kommunesenteret.

Mo kyrkje i øvre Surnadal er ei trekyrkje frå 1728 med Y-form. Alle dei andre fem kyrkjene i kommunen er frå siste halvdel av 1800-talet. Dei er alle langkyrkjer i tre, og tre av dei er teikna av Jacob Wilhelm Nordan (Åsskard, Todal og Øye kyrkjer). Størst av kyrkjene i kommunen er Stangvik kyrkje med 600 sitjeplassar.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I kommunesenteret ligg Nordmøre Folkehøgskule og Surnadal vidaregåande skole med varierte studieretningar.

Surnadal høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordmøre regionråd.

Surnadal kommune svarer til dei fem sokna Mo, Stangvik, Todalen, Øye/Ranes og Åsskard i Indre Nordmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Surnadal til Nordmør fogderi (futedømme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Surnadal

For statistiske formål er Surnadal kommune (per 2016) delt inn i seks delområde med til saman 32 grunnkrinsar:

  • Mo: Øvre Mo, Nedre Mo nord, Nedre Mo sør, Honnstad, Mogstad
  • Ranes: Ranes, Skei, Grimsmo, Vaseng, Eidet, Sæter, Ytre Sæter, Surnadalsøra, Strand - Torvik
  • Øye: Årnes - Hamnes, Sjøflot - Glærem, Bøvra, Sylte - Berset - Heggset, Øye, Bergheim
  • Åsskard: Settem - Settemsdal, Bøfjorden, Bø, Åsgard - Snekvik, Bæverfjord, Bæverdalen
  • Stongvik: Stongvik, Melhus - Kvanne, Stenberg, Nordvik
  • Todalen: Nedre Todalen, Øvre Todalen

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ein skråstilt tvillingstreng i sølv, laga ved taggesnitt mot ein grøn bakgrunn. Dette speglar kommunen geografisk.

Om namnet, sjå Surna.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hyldbakk, Hans: Bygdesoge for Surnadal, 1957-59, 2 b.
  • Hyldbakk, Hans: Heimar i Surnadal, 1966-68, 2 b.
  • Hyldbakk, Hans: Gards- og ættesoge for Surnadal, Nyrevidert utgåve, 1980-1981, 3 b.
  • Mo, P.: Gardtales i Surnadal: frå midtna av 1600 talet til fyrst på 1900 talet, 1928

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg