Faktaboks

Ingebrigt Davik
Fødd
13. april 1925, Haram, Møre og Romsdal
Død
29. januar 1991, Oslo
Verke
Lærer, forfatter og sanger
Familie

Foreldre: Skipper Nils Johan Gerhard Davik (1888–1954) og Johanna Josefine Inga Olsdatter Fjørtoft (1888–1959).

Gift 4.12.1965 med lærer og billedkunstner Marit Lange Kjellesvig (30.8.1940–), datter av kontorsjef Kjell Ingward Kjellesvig (1901–69) og farmasøyt Ingeborg Parelius (1906–82).

Ingebrigt Davik
Ingebrigt Davik i 1962
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 2.0

Ingebrigt Davik var lærar, forfattar og kulturarbeidar. Særleg omtykt blei han for ei rekkje radio- og fjernsynsprogram for barn med eigenkomponert musikk, mellom andre Det hende i Taremareby. Fleire av desse seriane kom ut i bokform, som platealbum eller som dramatiseringar for teaterscener.

Davik vart særleg kjend og populær som forteljar, visediktar og songar, og han turnerte mykje rundt om i landet med eigne sceneframføringar i regi av Folkeakademiet, Norsk Forfattarsentrum, Riksteateret og folkebibliotek. Fleire av bøkene hans er omsette til andre nordiske språk, og radio- og fjernsynsprogramma hans er blitt sende i mange land.

Bakgrunn

Davik vart fødd i Davik i Haram. Ingebrigt Davik budde på Davik-garden på øya Fjørtofta dei første barneåra sine, og der likte han seg særleg godt i fjøra. Han lærte sjøfuglane å kjenne, sprang berrføtt over sanden og lokka fram krabben. «Der møtte eg ei eventyrverd som eg aldri vart ferdig med», skriv han, med tydeleg tilvising til sine seinare barneprogram og -bøker.

Også etter at han åtte år gammal flytta med familien til Brattvåg på fastlandet, fekk fantasien hans spelerom og kunne utfalde seg gjennom blant anna sjølvlaga friluftsteater og avisdrift. Davik var musikalsk og spela tidleg på dei instrumenta han fann tilgjengelege – ein gammal gitar og eit orgel.

Då den tyske hærmakta okkuperte Noreg i 1940, flykta Davik og familien hans med farens fiskebåt vest over havet, først til Færøyane og sidan til Island. Her møtte han som ung mann ein gammal nordisk kultur som seinare fekk mykje å seie for diktinga hans. Då krigen var slutt i 1945, tok han med seg ei mengd tonar og viser tilbake til Noreg som han seinare gjorde til norsk barneeige.

Davik ville først bli skodespelar, og under studietida i Oslo var han med i Studentteateret og Teaterlaget i Sunnmøringen. Her fekk han hjelp av Gisle Straume, som på den tida var teatersjef ved Rogaland Teater. Han tok utdanning ved Hamar lærarskule og Musikkonservatoriet i Oslo og var dessutan hospitant ved Rogaland teater og Statens teaterskule. Men Davik enda likevel opp bak kateteret. Han arbeidde i alle år som lærar i grunnskulen i Oslo.

Produksjon

I 1959 oppsøkte Davik barneavdelinga i NRK med manuskriptet til Det hende i Taremareby. I denne forteljinga lét han dei ulike fiskane og sjødyra få attkjennelege menneskelege eigenskapar. Same året tok forteljinga til som radioserie i Barnetimen for de minste.

Det hende i Taremareby blei svært populært, etter kvart også på fleire andre teater, og i 1978 blei det laga teiknefilm for fjernsyn av serien.

Davik laga også fleire andre barnetimeseriar med handling frå same miljøet: Rokke-Gina (1960, bok i 1962) og Gunda Sjømus (1961).

Davik henta ofte inspirasjon til forteljingane sine frå naturen og frå Bygde-Noreg. Det var dette landet han kjende frå sin eigen oppvekst, og miljøet viser særleg att i barnetimeseriane om Muffe (1964, bok 1967), Lissomskogen (1964–1976) og borna på Skrattåsen (1970–1972), fjernsynsfilmen Guten og måseungen (1972) og i bøkene Hos far på fyret (1976) og Sommaren med dyra på Brattåsen (1981). «Historien om de tre små fisk» og «Hit eit steg, og dit eit steg» er mellom dei udøyelege songane han har tilført norsk musikkarv.

Davik var også ein framståande formidlar av Margrethe Munthes barnesongar og skreiv i 1985 skodespelet Dagbok utan slutt. Eit lite skodespel til ettertanke.

Utmerkingar

I 1981 blei Ingebrigt Davik tildelt Ingvald Skjelderups kulturpris for sin innsats for nynorsk mål. I 2006 opna dåverande Haram kommune eige kulturhus i Brattvåg som heiter Ingebrigt Davik-huset.

Utgivingar i utval

  • Det hende i Taremareby (1960)
  • Wanthai-barna (1971)
  • Vind i mitt segl (1964)
  • Muffe og jula (1967)
  • Syng og leik i solskin og sølevêr (1983)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ingebrigt Davik, Arne Grimstad og Audun Thorsen: «Ingebrigt Davik – ein kulturformidlar». Norsk årbok for barne- og ungdomslitteratur 1981, s. 113–146. Oslo 1981

Faktaboks

Ingebrigt Davik
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002532395

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg