Faktaboks

Håvard Knutson Gibøen
Fødd
12. mars 1809, Møsstrond i Vinje, Telemark
Død
27. juli 1873
Verke
Hardingfelespiller
Familie

Foreldre: Gårdbruker Knut Haavardsson Gibøen (1773–1833) og Aasne Steinarsdotter Gjuvland (1783–1822).

Gift 17.2.1834 med Mari Kittilsdotter Eikja (f. 1806), datter av gårdbruker Kittil Andreson (1761–1833) og Børte Olsdotter (f. 1771).

Gården Gibøen, Møsstrond
Av /Norsk Industriarbeidermuseum.
Lisens: CC BY NC 4.0

Håvard Knutson Gibøen var ein spelemann og gardbrukar frå Telemark. Han er ein sentrale figuren i ei av dei viktigaste tradisjonslinene i norsk folkemusikk.

Bakgrunn

Håvard Knutson Gibøen var fødd på garden Gibøen på Møsstrond (no Vinje) i Vest-Telemark. Han tok over garden etter foreldra i 1843, same året som han gifta seg med Mari Eikja frå .

Læremeistrar

Både faren, Knut Håvardson, og farfaren, Håvard Toreson, spela fele. Saman med farmora Barbro skal dei tidleg ha kveikt interessa for felespel hos Håvard Gibøen. Mora Åsne Gjuvland var derimot djupt religiøs og likte lite at sonen tok til med felespel. Ho skal likevel ha vore musikalsk og ha hatt ei god songrøyst. Den sentrale læremeisteren hans blei Knut Lurås frå Tinn. Andre spelemenn han lærte av, var Jon Kjos (Kvammen) og Øystein Langedrag. Han bytte slåttestoff med samtidige spelemenn som Tor Sagafoss og Torgeir Augundsson (Myllarguten).

Den tragiske livssoga

Sjølv om lite av livet hans er kjent, har biografiske framstillingar av Gibøen ofte ein tragisk karakter. Han var blitt ulukkeleg gift gjennom eit tvangsekteskap sett i stand av foreldra. Det gjekk dårleg med gardsdrifta fordi begge ektefellane ofte neglisjerte det daglege gardsstellet. Gibøen prioriterte spelemannslivet, som heller ikkje gav den store avkastninga.

Vidare hadde Gibøen dårleg helse. Han hadde fått den såkalla ratesjuka, som gjorde at nasen rotna vekk i ung alder, noko som gjorde at han ikkje ville la seg fotografere. Han hadde også periodar med alkoholmisbruk. På eit tidspunkt måtte han selje garden, og familien levde til tider eit omflakkande liv med ulike stader i Telemark med mellombelse heimar. Gibøen kom tilbake til Møsstrond i dei siste leveåra sine. Mange har meint å kunne høyre gjenklang av denne livshistoria i den ofte innettervende og poetiske musikken hans.

Slåttar etter Gibøen

Mange har framheva at slåttestoffet etter Gibøen er kjenneteikna av uvanleg raffinert klang, ornamentikk og tonalitet. Til dømes har Per Anders Buen Garnås argumentert for at felespelarar i Gibø-tradisjonen har hatt ei særskilt evne til å «fargeleggje», altså til å variere klangen gjennom å utnytte skilnadene som oppstår når ein vekslar mellom opne strenger og fingerspel. Han framhevar òg dei rytmiske og dynamiske effektane desse spelemennene har disponert over ved hjelp av avanserte bogeteknikkar.

I ein artikkel frå 1972 innfører komponisten og forskaren Eivind Groven eit skilje mellom «Håvardspel» og «Myllarspel», der den førstnemnde, Gibø-tradisjonen, er kjenneteikna av naturtonalitet, medan slåttestoffet etter Myllarguten hovudsakleg er durspel. Gibø-tradisjonen fører Groven tilbake til det «gamle tinnspelet», ein eldre tradisjon frå Aust-Telemark som har opphav i spelemannen Brynjulv Olsson på 1700-talet. Skilnadene mellom desse to linene kan særleg observerast i tilfelle der det finst myllarslåttar i form etter Gibøen, til dømes «Fossegrimen».

Gibø-spelet blei ført vidare framfor alt av læreguten Knut Dahle frå Tinn, spelemannen som var kjelda til Edvard Griegs Slåtter, og av sonen Kjetil Haavardsson. Naturtonalitet kan framleis høyrast hos ein nyare representant for tinnspelet, Olav Øyaland frå Tinn. Slåttestoff etter Gibøen er spela inn på plater, til dømes Håvards draum ved Knut og Hauk Buen (1992), Gibøspel ved Trygve Vågen (1993) og Håvardspel (2009), der det er samla opptak av ti sentrale spelemenn frå det 20. hundreåret. Det finst ei rekkje slåttar som ber namn etter Gibøen, mellom anna Håvardsdraumen, Håvards sorg og Håvard Gibøens bruremarsj. Fiolinisten Christian Sukow skreiv ned ei rekkje slåttar etter Gibøen i 1840-åra og framførte dei ofte på konsert.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aksdal, Bjørn: «Haavard Gibøen», Norsk biografisk leksikon, bd. nr. 3. Oslo, 2001
  • Aksdal, Bjørn & Sven Nyhus, red.: Fanitullen : innføring i norsk og samisk folkemusikk, 1993
  • Berge, Rikard: Haavard Gibøen, 1932
  • Bjørndal, Arne & Brynjulf Alver: - og fela ho lét, 2. utg., 1985
  • Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk, 1982

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg