Østerdalen
Østerdalen strekker seg frå Elverum i sør til Tynset i nord, ein avstand på 190 km. På vegen frå sør mot nord endrar dialektene seg.
Av /Store norske leksikon ※.
Tynset

Dialektene på Tynset har mange særtrekk som er i slekt med dei ein finn i talemåla i sørlege delar av Inntrøndelag. På bildet ser ein Tynset sentrum med Tronfjell i bakgrunnen. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Til østerdalsmål reknar ein til vanleg dialektene i den eigentlege Østerdalen frå og med Elverum og nordover til Tynset. Til østerdalsmåla reknar ein også dialekta i Rendalen, Engerdal og Trysil. Folldalen høyrer geografisk til Østerdalen, men i denne dalen snakkar dei gudbrandsdalsmål (Folldalen blei i si tid befolka frå Gudbrandsdalen). Bygdemåla i Østerdalen er temmeleg skiftande, som naturlig kan vera med dei store avstandane og den spreidde busetnaden. Ein kan tala om eit nordleg, eit midtre og eit sørleg område. I dei nordlegaste bygdene er målet mykje likt sørtrøndersk. Lengst i sør, i Elverum, står dei østerdalske dialektene nær opplandsmåla. Slektskapet mellom østerdalsmål og dei tilgrensande svenske bygdemåla er tydeleg.

Jamvektsmål med kløyvd infinitiv

Elverum

Elverum ligg heilt sør i Østerdalen. Dialekta her har mykje til felles med flatbygdmåla på Austlandet. Det er mellom anna mykje mindre jamning her enn det ein finn i Nord-Østerdalen (sjå artikkletekst). Her er byen fotografert under storflaumen våren 1995. I forgrunnen sjukehuset og kyrkja. Litt lenger nord Leiret og bruene over Glomma.

Av /KF-arkiv ※.

Østerdalsmåla øyrer til det austnorske jamvektsområdet, og her gjeld såleis jamvektsloven. Som eit resultat av jamvektsloven har dialektene her kløyvd infinitiv. Kløyvd infinitiv gjer at dei gamle jamvektsorda endar på -a: å eta, å lesa, å kåmma, medan dei gamle overvektsorda ender på -e: å kaste, å bite å drømme.

Jamning i jamvektsorda

Kartet viser målområde i Noreg. På Austlandet er midlandsmåla (fjelldalane) markert med mørkeblå farge. Lyseblå farge har på Austlandet sør og nordover vikværsk, midtopplandsk, opplandsk og østerdalsk.

Dei infinitivane som ender på -a eller vil kunna ha ulike former frå stad til stad på Austlandet. I Østerdalen vil ein kunna høyra former som å kåmmå, å såvvå, å båkå. Desse infinitivane med strukturen å-å har vore utsette for det ein plar kalla jamning. Vokalane i rot- og endestaving har jamna seg til kvarandre, blitt assimilert til kvarandre. Når vokalane nærmar seg kvarandre i kvalitet utan å bli heilt like, blir det kalla tiljamning. Døme på tiljamning finn ein sør i Østerdalen, i infinitivar som væta (vita), bæra (bera), læsa (lesa), væva (veva) og så bortetter. Når vokalane i rot og endestaving blir heilt like, er det utjamning.

I Nord-Østerdalen er jamninga særleg sterk, med mykje utjamninga av vokalane i jamvektsorda. I infinitivane er jamningsresultatet ò-ò, døme: vòttò (veta), lòssò (lesa), tòLò (tala), bòrrò (bera), lòvvò (lova og leva), òttò (eta). Sjå elles nedafor om vokalar. Også dei svake jamvektssubstantiva blir i Østerdalen utsette for utjamning, det heiter i Nord-Østerdalen ei vukku (ei veke) og ei hukku (ei hake). Svake hankjønnsord av jamvektstypen heiter her en nòvò (ein neve), en hòrrò (ein hare) og en bòggò (ein boge).

Ein ser elles at i jamvektsorda har Nord-Østerdalen kort vokal og lang konsonant, slik det er i trøndersk. Elles i austnorsk er det ofte lang vokal og kort konsonant i slike ord: å veta, å leva, å lòva, å bæra og så bortetter, og slik er det også i vestnorsk.

Lydverk (fonologi)

Vokalar

I Østerdalen finn ein god del monoftongering (diftongforenkling) i ord der dei fleste norske dialektene har diftong-uttale. Her i Østerdalen heiter det sten, fet, løse (løysa), røs (røys), bLôt (blaut), stôr (staur), grôt (graut), rôte (rauta), ôre (aure). Monoftongeringa skjer der det kjem ein konsonant etter diftongen, men det blir også monoftongering i ord der ein konsonant er fallen bort, jamfør uttalen av ord som (sau, norrønt sauðr), sje (skei, norrønt skeið), gre (grei, norrønt greiðr) og så bortetter. Diftongen au har som vist i døma blitt til ô. Jamfør at det her er forskjell på eit øre (øyre) og ein ôre (aure). Vokalen ô er ein lyd mellom ø, u og å og er oftast eit produkt av au.

I heile området heiter det høy, eit ord som aldri har hatt ein konsonant i enden. I «nyare» ord står også diftongen, jamfør uttalen av orda streik og pause.

Vokalrikdom

I norsk er det til vanleg ni vokalar (vokalfonem). I Østerdalen finst det dialekter som har langt fleire vokalar. I Tylldalen (Tynset kommune) skil ein mellom 13 vokallydar. Her har ein til dømes to ø-lydar: eit rør (eit røyr) og fLere rör (fleirtal av ro = krok). Forenklinga av diftongen au har som nemnt ovafor gjeve vokalen ô: bLôt (blaut), stôr (staur). Ein annan vokal er ò i ordsom lòkk, òrm, tòLv. Vokalen ò er ein lyd mellom ø, å og a.

I Østerdalen (og i mykje av opplandsmåla) er det mange døme på det som blir kalla vokalopning. Vokalen o blir då til ø, medan vokalen a blir til æ: gøLv – kæLv, døgg – pLægg, trøll – skælle.

Konsonantar

I store delar av Østerdalen høyrer ein palataliserte dentalar, typen mannj, fullj, stuttj, reddj. Denne uttalen fin ein også i trykklette stavingar, som i bestemt fleirtal av orda hestanj og bilanj.

Ei spesiell utvikling av konsonanten g finn ein i Østerdalen. Etter lang vokal blir g-en borte.I staden for g-en kjem det inn nye lydar, jamfør at orda dag blir dao, mager blir maoer, stige blir stæia, dogurd blir du-el. I trysilmålet står g-en ved lag når vokalen framfor er lang: dag, mager, låg, bog.

Tonelag (tonem)

Dialektene i Østerdalen har, som det meste av norsk talemål, to tonelag. Desse tonelaga kallast tonem 1 og tonem 2. Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne), huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2).

Tonegang

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen (musikken) i orda. Tonegangen kjem klarast fram i ord som soLa, boka, døra (tonem 1-ord). I østerdalsk som elles i det austnorske målområdet har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. I det vestnorske målområdet har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder. Sjå kart.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Substantiva har i det meste av Østerdalen denne bøyinga:

  • hest – hesten – hester – allje hesta
  • bygd – bygda – bygder – allje bygden
  • vise – visa – viser – allje visen
  • hus – huset – hus/huser – allje husa

I bestemt form fleirtal av hankjønnsorda finn ein dei typisk søraustlandske formene fLere hester – alle hesta. Men heilt i nord, i Tynset kommune, møter ein formene fLere hesta og allje hestan (slik det er i trøndersk). Her i Nord-Østerdalen kan også hokjønnsorda får endinga -an i bestemt fleirtal: allje bygdan. Nord i Østerdalen møter ein også former som to føt (føter) og fLeir bøk (bøker) (omlydssubstantiv).

Fleirtal av inkjekjønnsorder, typen fLere huser og fLere taker, er vanleg i Solør og i den sørlege delen av Østerdalen.

Dativbruk

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som soLa, boka, døra (tonem-1-ord). På Vestlandet har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. I Østerdalen og på resten av Austlandet har ein låg tone først i ordet, og tonen stig så mot på Agder slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand.

I mykje av Østerdalen, frå Rendalen og nordover, har levande dativbruk vore i tradisjonell bruk og då mest vanleg etter preposisjon. Døme på dativformer er: i bila, på låva, oppi lien (lia), i gryten, i fjøsa. Dativ fleirtal endar i Østerdalen på -em eller -om: i husem eller i husom. Eksempel på setningar med dativbruk: «koppen står på stoLa» (hankjønn), «ho gjekk bortåt oksa» (oksen, hankjønn), «ho kokte grôt oppi gryten» (hokjønn), «maten står på boLa inni kjøkena» (inkjekjønn), «fLere tå karem sto i glasem å kofte» (fleirtal).

Verb

Dei sterke verba har i Østerdalen presensformer utan ending, slik det er i mykje av norsk talemål: bit, frys, ryk, tygg, læs (les), bær (ber). I Sør- og Midt-Østerdalen har svake verb endinga -er: hører, kaster, måLer. I Nord-Østerdalen har ein her r-lause former: «han kaste og kjøpe så nytt». Dei svake a-verba har i Sør-Østerdalen denne bøyinga, illustrert med eit overvektsord (kasta) og eit jamvektsord (taLa):

  • kaste – kaster – kaste – har kaste
  • tåLå – tåLår – tåLå – har tåLå

Ein legg her merke til at jamvektsloven slår inn i heile bøyingsskjemaet, med kløyvd ending i infinitiv (kløyvd infinitiv) og i tillegg kløyvd ending i presens, preteritum og partisippet. Det meste av Østerdalen, så langt nord som til Tynset, har dette systemet, men heilt i nord (i Tolga og Os) kjem a-endinga inn att i kasta-typen, og det heiter her:

  • kaste – kaster – kasta – har kasta
  • tåLå – tåLår – tåLå – har tåLå

Heile Østerdalen har endinga -er i presens av a-verb som høyrer til overvektstypen: kaster, elsker, mobber.

Personlege pronomen

Pronomenet ho heiter ho i Østerdalen, og henne heiter hinna/hinner. Dere heiter som subjekt i Midt-Østerdalen og dåkk i Tolga/Os. Som objekt har pronomenet ulike former: dekk, døkk, dåkk og dô.

I 3. person fleirtal er forma dømm vanleg både som subjekt og objekt.

Endringar i østerdalsmåla

Som mange andre stader i landet kan ein i Østerdalen snakka om regionalisering av dialektene. Nye språkimpulsar kjem inn frå Oslo-regionen. Resultatet blir at det i heile dalen veks fram eit austnorsk regionalt talemål, der ein del av dei tradisjonelle særdraga er borte. Ein høyrer at ein del av vokalsystemet blir forenkla, og mange av dei små skilnadene blir borte. Orda lòkk, òrm, tòLv blir til låkk, årm og tåLv. Ordpar som eit rør (eit røyr) og fLere rör (fleirtal av ro = krok) får same uttalen, og då med rein ø-lyd.

Bruk av dativ er ikkje så gjennomført lenger. Berre i Nord-Østerdalen kan ein ennå høyra innarbeidde dativuttrykk hos dei unge.

Fenomenet kløyvd infinitiv er på gyngande grunn hos fleire unge, og då slik at jamvektsverb som å eta, å lesa, å kåmma, å værrå nå får e-ending: å ete, å kåmme, å være og så bortetter.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, Novus forlag, 1990.
  • Lie, Svein: Indre Østlandet. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, Novus forlag, 1990. Side 101-116.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.
  • Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap, 2. utg., Novus forlag, 1987.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Høiskoleforlaget, 2005.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, 2010, Portal forlag.
  • Øverby, Joleik: Østerdalsmål. Trykt i Skogstad, Ola (red.): Austlandsmål. Språkarv og språkbruk på Indre Austlandet. Oslo: Det NorskeSamlaget. 1974. Side 46-77.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg