Den viktigaste næringa er jord- og skogbruk med heile 32 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Husdyrhaldet (storfe og sau) dominerer næringa, og det aller meste av jordbruksarealet er eng til slått og beite. Av kommunane i fylket har berre Sirdal og Kvinesdal fleire sauer. Skogen har også betydning med ei avverking på 4028 kubikkmeter i 2018.
Kommunen har ein beskjeden industri – i 2019 stod industrien for i alt fem prosent av arbeidsplassane i kommunen, 23 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Det aller meste av industrien er verkstadindustri, særleg metallvareindustri.
Åseral er etter Sirdal og Valle den tredje største kraftkommunen i Agder, med ein samla maskininstallasjon på 302 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1291 gigawattimar (GWh) per 2019. Der er sju kraftverk i kommunen, dei største er Skjerka kraftverk (sett i drift i 1997), Håverstad kraftverk (1957), Smeland kraftverk (1985) og Logna kraftverk (1961).
Av dei busette yrkesaktive i Åseral har 38 prosent arbeid utanfor kommunen, åtte prosent i Kristiansand-området (Kristiansand og Vennesla), sju prosent både i nye Lindesnes kommune, i setesdalskommunane sett under eitt, og i nabokommunane Lyngdal og Hægebostad i sørvest (2019).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.