Åse er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ása. Namnet er kortform av namn på Ás- som tyder ‘gud’, til dømes Ás-hildr (sjå Åshild). Sidan år 1900 er Åse brukt 24 gongar meir enn Åsa.

Namnet har fleire variantar: Åsa, Åse, Aasa, Aase.

Namnedag er 2. mai. Åsa og Åsa har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Åse

Kulturell bruk

  • «Vesle Åse Gåsepike» er eit norsk folkeeventyr.

Kjende personar med namnet Åse

Eit utval personar med namnet Aase, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 539 kvinner i Noreg som hadde Åse som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Åse var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 47 jenter som fekk namnet Åse.

Utvikling i bruk av namnet

På 1800-talet hadde Aase ein jamn nedgang til ein botn rundt år 1900. Deretter fekk både Aase og Åse eit oppsving. Naturleg nok nådde den eldre stavemåten Aase toppen før Åse – i 1925–1929, mot 1935–1944 for Åse. Desse to namneformene hadde toppfasen sin noko før hovudperioden for dei tostava namna på -e (1955–1999), til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Silje, Tone, Tonje, Tove, Vilde og Wencke. Ved rettskrivingsendringa i 1917 vart [aa] erstatta av [å]. Ved staving av personnamn treng ein ikkje rette seg etter offisiell rettskriving. Det må ein derimot gjere ved stadnamn, til dømes bynamnet Ålesund (ikkje Aalesund). Sidan år 1900 har Åse vore brukt 24 gongar meir enn Åsa.

Utvikling i bruk av namnet Åse frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Åse frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Åse på 1800-talet.

Aase var mest brukt i Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Åse på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Aase var mest brukt i Aust-Agder. (I søylene inngår det også nokre få belegg på Åse på 1800-talet.)

Historisk bruk av namnet Åse
Historisk bruk av namnet Åse
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg